Fra: godbless
mamkwe [mailto:revmamkwe@yahoo.com] Sendt: 9. desember 2014 18:42 Til: bjornisogn@gmail.com Emne: MERRY X- MASS & NEW YEAR WISHES AND THANKS
In a country where poverty impact is
80% of the total population , raising and keeping children healthy , educated ,
giving them child rights and protection is a daily struggle.
Our friend Bjorn and your fellow helpers
of BETHEL HOME AND SCHOOL COMMUNITY, now is almost one year since we thanked
you for your last year greatly and lovely support we have received from
you.
Tidlegare
i veka sende Godbless ein e-mail der han fortalte at 7.klassingane ved deira
skule, Bethel School, hadde dei beste resultata i landet ved nasjonal eksamen
no i haust. (Skuleåret startar i januar) Neema og Godbless får no gratulasjonar
frå heile landet, fortel dei. Dei får og mange spørsmål frå foreldre om deira
barn kan gå på skulen.
Biletet
syner 7.klassingane som bur på barneheimen, i tillegg er det nokre elevar som
går på skulen, men som bur heime.
Noreen
sit i fremste rad, nummer to frå venstre. Ho var den einaste som fekk beste
karakter i matematikk, A. Alle fekk A i engelsk. Ingen stryk i nokon av faga.
Det var
matematikk for 7.klasse eg følgde mest, særleg på kveldane heime. Læraren
heitte Joseph og var ein tolmodig og dyktig pedagog. Alle timane eg følgde
gjaldt drill i rekning på dette nivået – forkorte brøkar, finne x, øve seg på
parentesarosb. Oppgåvene hadde minimalt
med tekst, dvs det var i hovudsak naken rekning og matematikk.
Det var i
stor grad slik matematikk var lagt opp også då eg gjekk på skulen, t.o.m. på
gymnaset. Dette tilsvarar også første del av matematikkeksamen i 10. klasse i
norsk skule i dag. I 2. del har oppgåvene mykje tekst og matematikklærarar
fortel at det er den språklege utfordringa som skapar mest problem for elevane.
Dei får i gjennomsnitt lægre karakter i matematikk enn i dei andre skriftlege
faga.
Men med
all denne drillinga blir nok desse afrikanske elevane flinkare enn dei fleste
norske elevar til sjølve reknehandverket.
Dei heldt
på med dette til kl 2200 kvar kveld. Då gjekk direkte til sengs og blei vekte
kl 0500 etter sju timar med søvn.
Som tidlegare
nemnt er mais svært viktig i kosthaldet og hovudkjelda til energiinntaket. I
tillegg et borna både bøner og ris og dessutan kjøt, grønsaker, frukt og neter.
Slik får dei eit godt kosthald, samla sett.
Godbless
har leigd jord i nærleiken av der dei bur og har i år dyrka 25 dekar med mais og maisen vart hausta i september i år.
Dette gav ei avling på 9 000 kg, som dekker 2/3 av det samla behovet for
mais i barneimen (meir enn 100 born + rundt 20 vaksne) og på skulen (meir enn 400 born + rundt 25
vaksne). Alle borna i barneheimen går på skulen. Det gjeld òg for mange av dei
vaksne i barneimen.
Dei
eldste borna i barneheimen hjelper til med planting, fjerning av ugras,
hausting og tresking og arbeidet med å få maisen opp i dei store 100 kg
sekkane. Videoen syner korleis treskinga skjer. Vi ser at borna ber maiskolbane i sekker til treskeverket på traktoren og at maskina spyr ut dei ribba kolbane til den eine sida og maiskorna ut på ein duk til den andre sida. Vi får òg glimt av ein haug med ferdigprodusert mais og maisplantar som kyrne skal ete.
Ein nordmann kjenner att mykje av det som skjer i
klasserommet i Bethel school, men det er òg mykje som overraskar. I dette innlegget
skal eg gje eit bilete av inntrykk etter ca 10 besøk i klasserom, med
forskjellige lærarar/fag/klassesteg.
Det første som skjer når ein vaksen person kjem på
besøk er at alle elevane reiser seg og helsar velkomen og spør korleis det står
til. Så må du svare at du har det fint og spørje korleis dei har det. Denne
helsinga vert òg gjennomført når læraren kjem til timen. Og når timen er slutt
reiser alle seg og takkar læraren for god undervisning.
Biletet syner lærarstaben i februar 2013. Tre av dei
er assistentar i «barnehagen», dvs gruppa med 4-6 åringar som går i nursery
school. To av dei er ikkje lærarar, m.a. Godbless ytst til høgre.
Då eg besøkte Neema og Godbless I februar2014 fekk eg
for første gong tid til å vere til stades I mange av klassane for å følgje
undervisninga. Tidlegare har det berre vore meir stikk innom i tilfeldige
klasserom. Denne gongen forsøkte eg å variere både klassesteg, fag og kva for
lærar som underviste. Det vart i overkant av 10 besøk. I tillegg følgde eg med
på undervisninga som føregjekk på kveldane heime, særleg 7.klasse sidan dei var
avgangsklasse og jobba særleg hardt.
Mykje kjenner vi att frå norsk skule, men det er
sjølvsagt òg døme på ordningar og opplegg som overraskar ein nordmann. Eit
slikt døme er at alle lærarar har kvar sin bok der dei før di går til timen må
gjere greie for opplegget, basert på læreplanen i faget/steget. Ei tilfeldig
valt side i boka til ei av lærarane ser slik ut:
Borna
begynner i skulen det året dei fyller sju. Frå dei er fire kan dei bli opptekne
i «barnehagen», som har namnet Nursery school. Det liknar lite på våre
barnehagar, langt meir på vår småskule, borna skal lære bokstavar og tal, sitje
på pultar og vere rolige. Det er lite leik og frie aktivitetar.
Videosnutten
syner korleis Lillean gjev undervisning i talforståing. Borna kjem fram og skal
setje ring rundt det talet ho har sagt. Dersom rett tal får ring, blir det
applaus og jubel. Eg var i denne tal-økta i nærare ein time og vart svært imponert
over korleis Lillean makta å halde full konsentrasjon og stor entusiasme blant
dei nærare 100 borna, frå fire til seks år gamle, som skulle lære tal. Venteleg
var det ein del av dei minste som ikkje forstod alt som skjedde og blant dei
eldste var det sikkert mange som tykte dette var elementært. Likevel så det ut
som om motivasjonen var på topp. Ein viktig del av metodikken hennar var å
stille mange relativt enkle spørsmål som borna svarte på i kor. Det var med
andre ord svært lite einetale frå Lillean.
Det er
fire kyr og nokre kalvar i fjøsen. I fleire månader har to karar greve vekk jord
og slege seg gjennom steinar og fjell for å lage plass til gassproduksjon
basert på kumøkka. Midt i juni sendte Godbless bilete av tankane som då var på
det næraste ferdige.
Han seier
at tilgang på gass er viktig av m.a. økonomiske og miljømessige grunnar. Kostnaden
med drift av gassanlegget blir mykje lægre enn innkjøp av ved - det er ved dei
brukar til all matlaging. Av miljøvernomsyn er det eit generelt forbod i
Tanzania mot vedhogst, men ein kan søke om løyve til å felle tre. Det er mogleg
å få kjøpt ved dersom ein betalar nok – i eit samfunn i utvikling, med m.a.
hus- og vegbygging, blir det jo behov for å felle tre.
Ein del
av midlane eg har overført tidlegare i år har gått til å dekke hovuddelen av
investeringsutgiftene. Ein viktig side ved dette prosjektet er at det aukar
kompetansen til murarar og andre som byggjer anlegget og folk får ein
demonstrasjon på bruk av gass.
Kummen på
biletet blir nytta i samband med produksjonen av gass. Det er mogleg at det
er oppi denne kummen at dei tømmer møkka, ein gong i veka trur eg han sa. Neste
bilete syner òg tanken der dei lagrar den ferdigproduserte gassen.
Fredag er
det fysisk aktivitet. Då kjem borna med lette sko og i uniformer som høver for
aktivitet. (Kulturen tilseier at jentene ikkje skal syne knea. Dei har difor
eit litt langt skjørt, men dei har bukser under skjørtet).
Den
fredagen eg var på skulen hadde dei ikkje hatt ein fotball på to veker og sakna
det sårt. Jentene hadde heller ikkje hatt ein ball til sitt korgballspel, som
skjer attmed fotballbana.
Videoane
syner at dei har eit brukbart areal å drive ballspel på, men det vert jo problematisk
når alle elevar frå 4. til 7. klasse skal drive på samstundes. Dei burde dele
dagane mellom klassane.
Fotballkampen
var ei interessant oppleving – gutar og jenter om kvarandre og nokre med sekk
på ryggen. Formasjonen til dei to laga og strategiane deira såg ut til å vere
nokså like – alle spring etter ballen. Det er sikkert ganske effektivt når kondisjonen
er god nok.
Elles ser
det til å vere nokre med talent her, særleg ein kar som får med seg ballen i trengde
situasjonar med motspelarar på alle kantar.
Ein far banka på døra ei veke før eg kom til Tanzania i februar 2014. Han hadde med seg tre små born, der to var tvillingar. Dei bur i
nabolaget. Mor hadde døydd nokre veker tidlegare og no var han heilt fortvila. Uavhengig
av kvarandre sa både Neema og Godbless at han græt. Han har ikkje slektningar
som kan ta seg av dei. Så spørsmålet var om borna kunne få bu i barneheimen og
gå på skulen. Med den lønna han no har kan han betale noko, men ikkje fullt ut,
fekk dei høyre.
Dette er eit av fleire døme på spørsmål dei ofte får
om å ta seg av born som har det vanskeleg.
Denne 2 min videoen syner barneheimen og heimen til Godbless og Neema. Medrekna seks lærarar er det rundt 15 vaksne som bur her. Nokre søv i lag med borna, nokre i hovudhuset til Godbless og Neema, nokre i huset attmed bilane og resten i huset som er bygd til mor til Godbless.
Det nye sovehuset til gutane er på 104 m2 og er dimensjonert for 80 gutar med to i kvar seng, men dersom dei er små kan det vere meir enn to i sengane. I samband med denne utbygginga vart det og bygd nye toalett og vaskerom så samla kapasitet på dette for gutar og jenter har auka ganske mykje.
Bygget vart teke i bruk sist sundag og det var stor innviingsfest der assisterande biskop var heidersgjest. Alle gjestene var imponert over standarden og at det er blitt bygd mange hus, mykje pga norske pengar.
Det er
vanskeleg å samanlikne lønnsnivået i Tanzania med løner i Norge. Eit mindretal
har fast jobb og løn. Dei fleste forsøker å få noko inntekt på ymse vis –
korttidsoppdrag, sal av jordbruksprodukt på torget/i vegkanten/til naboar, anna
type sal (to døme eg høyrde var sal av plastposar til torghandlarane og
ambulerande sal av brukte sko frå Europa). Svært mange familiar har 200-300 m2 dyrkbar
jord der mange dyrkar mais og/eller bøner. Dette fungerer som ei form for minsteløn
og er viktig for å overleve. Ordninga er resultatet av ein politikk som vart
innført tidleg på 60-talet då Nyerere vart president etter at England (og
Tyskland før dei) hadde hatt kolonimakta, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Julius_Nyerere
På vegen heim
frå Flesland den 20. februar, såg eg eit slikt reklameskilt som vist nedanfor, utanfor
ein butikk. Prisen tilsvarar rundt 3 promille av ein god norsk månadsløn. Fire
bollar i Tanzania kostar venteleg rundt 500 shilling eller to kroner. Ein godt
betalt lærar får utbetalt rundt 300 000,-
shilling (rundt 1 100,- kr) i månaden. 500 shilling (2 kr) utgjer då 1,7 promille. Kr. 1 100,- pr månad i
Tanzania utgjer 5% av kr 22 000-,, som er eit døme på norsk månadsløn. Handverkarar
tener rundt 15-20 kr per dag.
Bensin kostar
rundt 7 kr pr liter, dvs om lag halvparten av vår pris. Då blir bilhald ikkje
mogleg for dei fleste. På den andre sida: mange har hjelp i huset. I ein del
tilfelle skjer det med berre seng og kost som betaling. Sjølv om samanlikning
er vanskeleg er konklusjonen likevel klar – vi er på ein annan klode materielt
sett.
4 bollar – 75 kr
(Dyraste bollane
eg har høyrt om. Skulle truat det
vil skremme og ikkje lokke folk inn i butikken)
Det var
fleire store overraskingar som venta då eg kom til Tanzania 30. januar i år. I
dette innlegget skal eg skrive om korleis skulearbeidet heime var blitt trappa
mykje opp i høve tidlegare år.
Den aller
største overraskinga var likevel at Neema hadde født eit gutebarn berre fem
veker tidlegare. Neema hadde meint at dei skulle fortelje meg dette før eg kom,
men Godbless hadde lyst til at det skulle vere ei overrasking, og det vart det!
Tidlegare har dei fortalt om graviditet ganske tidleg. Han skal heite Markwell.
Med det har dei fire born – Gracious, Precious, Eliah og Markwell. Neema har
tre månader permisjon frå rektorjobben (men ho hadde dagleg fleire langs samtalar
med Lillian, vikaren.)
Dette blir første blogginnlegget etter turen eg haddei januar/februar 2014. Medrekna reisedagane gjekk det tre veker. Turen gjekk svært bra, eg vart til og med kvitt forkjølinga eg hadde fått på vegen ned – det var kaldt og trekkfullt på flyet frå Amsterdam til Kilimanjaro flyplass, ein tur som tek 8 ½ t.
Inntrykka er mange og til dels sterke. I barneheimen og påskulen hadde eg mange positive og tankevekkande opplevingar. Bilete og videosnuttar er lagra i kameraet og ei heil lita bok er full av daglege notat om det som vart sagt og refleksjonar eg fekk. Det blir difor ein god del blogginnlegg framover.
Første innlegget blir om dei vel 100 kosedyra (stuffed animals på engelsk) som var gjevne av born i Solvorn barnehage og skule og frå ein klasse på Hafslo skule. Det var nok til alle.
Det har blitt nokre overraskingar i samveret med
barna i barneheimen. Her kjem to døme.
Første gong eg var der hadde sett meg ned for å prate med eit par av dei.
Då kom det ein heil skokk, minst 20, og alle ville nærast mogleg. Eg tykkjer
det er kjekt å stryke ungar over håret, både heime og andre stader. Håret til
afrikanarar er jo heilt annleis – mykje striare og nokså uvant. Så eg tok på hovudet
til nokre av dei. Det inspirerte fleire til å ta på mitt hår, som det har blitt
mykje mindre av etter kvart – ikkje serleg spanande skulle ein tru. Men det
stoppa ikkje der, dei var òg interesserte i huda og blodårene på hender og
underarmar og dei ørsmå håra på hendene. Så eg vart nøye utforska.
Seinare har fleire kjende fortalt om tilsvarande opplevingar. Biletet viser at barnebarn Victoria opplevde det same sommaren 2012.