torsdag 2. oktober 2014

Stor produksjon av mais


Som tidlegare nemnt er mais svært viktig i kosthaldet og hovudkjelda til energiinntaket. I tillegg et borna både bøner og ris og dessutan kjøt, grønsaker, frukt og neter. Slik får dei eit godt kosthald, samla sett.
Godbless har leigd jord i nærleiken av der dei bur og har i år dyrka 25 dekar med mais og maisen vart hausta i september i år. Dette gav ei avling på 9 000 kg, som dekker 2/3 av det samla behovet for mais i barneimen (meir enn 100 born + rundt 20 vaksne)  og på skulen (meir enn 400 born + rundt 25 vaksne). Alle borna i barneheimen går på skulen. Det gjeld òg for mange av dei vaksne i barneimen.

Dei eldste borna i barneheimen hjelper til med planting, fjerning av ugras, hausting og tresking og arbeidet med å få maisen opp i dei store 100 kg sekkane. Videoen syner korleis treskinga skjer. Vi ser at borna ber maiskolbane i sekker til treskeverket på traktoren og at maskina spyr ut dei ribba kolbane til den eine sida og maiskorna  ut på ein duk til den andre sida. Vi får òg glimt av ein haug med ferdigprodusert mais og maisplantar som kyrne skal ete.









På dette biletet ser vi born og vaksne i arbeid på maisåkeren. Eller rettare, dette er vel i ein pause.



Godbless har no starta bygging av eit lager for maissekkane. Det er heilt naudsynt både for at maisen ikkje skal ta skade og for å hindre at noko vert stole. Dette er ein reell fare, særleg i tider då prisane går opp pga feilslege produksjon. Det kan skje når regntida blir seinare enn vanleg. Korleis vi sjølve hadde reagert dersom vi ein dag hadde lite mat til familien, er ikkje godt å seie. Kanskje vi òg hadde vitja naboen natterstid dersom han hadde 9000 kg mat ståande.


Godbless kunne elles fortelje at lageret vert bygt med norske kroner,  midlar som folk har bidrege med via kontoen i Luster Sparebank som det er opplyst om nedst på bloggen si hovudside.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar