Bethel School i Himo


Neema og Godbless etablerte skulen i 2009, med Neema som rektor. Undervisningsspråket er engelsk. (Ved offentlege barneskular er engelsk eit fag.) Det er ein førskuledel med born i alderen 3-6 år(nursery school der dei lærer å lese, skrive og rekne) og ein barneskuledel frå dei er 7 år(primary school med sju klassesteg). Ved skulestart januar 2013 var det til saman om lag 300 born. Målet er å ha opp mot 500, ferdig utbygt. Dei eldste elevane går i 6. klasse skuleåret januar – desember 2013 (Tanzania ligg syd for ekvator og har såleis eit anna skuleår enn i Noreg). Klasseromma er dimensjonerte for 40 elevar, men ikkje alle klassane er fulle av di opptaket så langt i hovudsak har vore til barnehagedelen, for at ein ikkje skal leggje opp til konkurranse med andre skular.  Nokre av romma er for små og lærarrommet blir brukt til undervisning. Det er difor behov for å byggje 3-4 nye klasserom dei næraste åra. Kostnaden med bygging av eit klasserom er 35 000 kr. Bileta syner tilsette på skulen i januar 2013.


Februar 2013, framom eit av skulebygga. Legg merke til måleria på veggen, utført av Neema. Bak frå venstre: Emmy (sekretær), Ester, Fatuma, Lilian, Felista, Philip, James, Emmanuel, Nestor, Godbless (prest og gift med Neema). Framme frå venstre Prisca Mfinanga, Anitha, Neema (rektor og gift med Godbless), Prisca Mpogoto, Nduma, Monyaichi (sjefskokke), Nasa


Februar 2013. I hagen, med mykje tre som gjev skugge. Det trengst! Dei som har ymse oppgåver på skulen - skulebuss, matlaging, oppvask, reingjering og vaktmeisteroppgåver. Bak frå venstre: Monaichi, Temu, Samuel, Rachel, Faroya, Abdala, Godlisten, Sadala. Sitjande frå venstre: Allan (innleigd snikkar og bror til Neema), Mollel, Godbless
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar