fredag 10. oktober 2014

Litt om dei ulike faga



Det var matematikk for 7.klasse eg følgde mest, særleg på kveldane heime. Læraren heitte Joseph og var ein tolmodig og dyktig pedagog. Alle timane eg følgde gjaldt drill i rekning på dette nivået – forkorte brøkar, finne x, øve seg på parentesar  osb. Oppgåvene hadde minimalt med tekst, dvs det var i hovudsak naken rekning og matematikk.

Det var i stor grad slik matematikk var lagt opp også då eg gjekk på skulen, t.o.m. på gymnaset. Dette tilsvarar også første del av matematikkeksamen i 10. klasse i norsk skule i dag. I 2. del har oppgåvene mykje tekst og matematikklærarar fortel at det er den språklege utfordringa som skapar mest problem for elevane. Dei får i gjennomsnitt lægre karakter i matematikk enn i dei andre skriftlege faga. 

Men med all denne drillinga blir nok desse afrikanske elevane flinkare enn dei fleste norske elevar til sjølve reknehandverket.

Dei heldt på med dette til kl 2200 kvar kveld. Då gjekk direkte til sengs og blei vekte kl 0500 etter sju timar med søvn.

 

torsdag 2. oktober 2014

Stor produksjon av mais


Som tidlegare nemnt er mais svært viktig i kosthaldet og hovudkjelda til energiinntaket. I tillegg et borna både bøner og ris og dessutan kjøt, grønsaker, frukt og neter. Slik får dei eit godt kosthald, samla sett.
Godbless har leigd jord i nærleiken av der dei bur og har i år dyrka 25 dekar med mais og maisen vart hausta i september i år. Dette gav ei avling på 9 000 kg, som dekker 2/3 av det samla behovet for mais i barneimen (meir enn 100 born + rundt 20 vaksne)  og på skulen (meir enn 400 born + rundt 25 vaksne). Alle borna i barneheimen går på skulen. Det gjeld òg for mange av dei vaksne i barneimen.

Dei eldste borna i barneheimen hjelper til med planting, fjerning av ugras, hausting og tresking og arbeidet med å få maisen opp i dei store 100 kg sekkane. Videoen syner korleis treskinga skjer. Vi ser at borna ber maiskolbane i sekker til treskeverket på traktoren og at maskina spyr ut dei ribba kolbane til den eine sida og maiskorna  ut på ein duk til den andre sida. Vi får òg glimt av ein haug med ferdigprodusert mais og maisplantar som kyrne skal ete.