ILCT

Lagt inn september 2015:
Nokre blogginnlegg gjeld ILCT. Då bloggen vart oppretta i 2012 hadde Bjørn ein sekretærfunksjon i ILCT. I tråd med den generelle politikken i landet vart denne funksjonen ført over til ein afrikanar i februar 2014 og Bjørn har etter det ikkje  hatt nokon rolle i ILCT. Innleggget Frøydis Nordbustad 80 år og framleis aktiv er eit av dei mest leste på bloggen.

Lagt inn ved opprettinga av bloggen:
Forkortinga står for Iraqw Language and Culture Trust, som er ei stifting som m.a. arbeider med opplæring av ikkje lese- og skrivekunnige i iraqw-stammen, som har iraqw som morsmål. Som namnet iraqw tyder på kjem venteleg forfedrane langt attende frå Midt-Austen. Lydbiletet i språket deira har likskap med det ein finn i arabiske språk.

Frøydis Nordbustad kom som 25 åring til Mbulu første gong i 1958. Etter det har ho det meste av tida budd i Mbulu. Sidan stiftinga har eiga heimeside http://www.iraqw.org  blir omtalen her svært kort. Etter å ha teke masterutdanning i lingvistikk, var Frøydis sin første innsats å skrifteleggjere stammespråket iraqw med grammatikk, ordbok etc. Etter det tok ho universitetsutdanning i gresk og hebraisk og etter mange års arbeid vart bibelen omsett til iraqw-språket og presentert i 2004. I 2005 vart ho tildelt St. Olavsmedaljen for innsatsen. Frå rundt 2004 har Frøydis sitt arbeid i hovudsak gått ut på opplæring av folk som ikkje kan lese og skrive. Stiftinga ILCT vart då etablert med Nora Klungseth som leiar og som administrativ kraft i arbeidet. Både Frøydis og Nora bur i Årdal. Frøydis er det meste av tida i Mbulu og Nora er det meste av tida i Årdal, men begge legg ut på den lange reisa fleire gonger i året.

Bjørg og Bjørn vart kjende med Nora nokre veker før avreisa til Tanzania i 2006. På turen i 2006 tok vi ein avstikkar og besøkte Frøydis i Mbulu. I 2007 vart det etablert ein lokal søsterorganisasjon av ILCT og Bjørn vart oppmoda om å vere sekretær for det som vert kalla Executive Committee, som legg årsplanar i januar kvart år. Stiftinga har større ambisjonar enn inntekter slik at Nora og eg betalar alle utgifter av eiga lomme. Dette arbeidet er særs interessant og givande og nokre av blogginnlegga vil gjelde det som skjer i regi av ILCT.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar