søndag 18. desember 2016

Sterk vekst ved skulen og barneheimen



I 2016 er det ca 500 born på skulen og ca 200 av dei bur i barneheimen. Etter fullføring av ny, stor sovesal for gutar i 2016, har barneheimen framleis ledig kapasitet. Skulen derimot er heilt sprengt. Alle klasserom/klassetrinn er fulle. Dette gjer at ein ikkje kan ta opp fleire elevar. Dessutan manglar skulen matsal for dei små, bibliotek og laboratorium. Dette vert påpeikt av tilsynet.

Elevane presterer i landstoppen til avsluttande eksamen og dei lærer seg gode arbeidsvaner. Rykte om dette spreier seg og stadig fleire foreldre ønskjer å flytte borna til Bethel. Dei vert svært skuffa når dei får avslag. Neema har fortalt om tårar. Ho bruker halve dagen dei første vekene i januar til å snakke med foreldre som har stilt seg opp i kø utanfor kontoret hennar.



Oppstilling på skulen ein tidleg morgon. Song, oppmykingsøvingar og ikkje minst formaningar om regelverk og anna. (An early morning. Singing, exercise and rules about what is alowed and how to behave)

tirsdag 5. april 2016

Fest og såpe (Party and soap)




English summary in the end
Fest (party)
Ein av bidragsytarane hadde sendt med meg kontantar slik at vi kunne invitere unge og vaksne til fest. Neema og eg kjøpte mange store poser med drops, kjeks i riklege mengder og saft som skulle blandast med vatn.
I alt var det nærare 200 born og om lag 30 vaksne til stades, så det var mange munnar som skulle få ein smak - “som skulle mettast” ville vere å ta for sterkt i.
Det er svært sjeldan borna et snop, så stemninga var høg, sjølv om det ikkje vart så mykje på kvar: Alle fekk tre drops, tre små kjeks og eit krus med saft.

Emmy smyg seg mellom alle stolane og deler ut drops – alle tek tre drops. Andre vaksne delte ut kjeks og saft. (Emmy is walking around giving the children three pieces of sweets. Other adults handed out three cookies and a cup of juice mixed with water)

mandag 15. februar 2016

Alan – snikkar, kaffedyrkar og bonde


Alan er bror til Neema. Han bur saman med familien - kone, mor og son - på eit gardsbruk ved foten av Kilimanjaro. Barneheimen og skulen ligg på rundt 1400 m o.h., Alan bur ca 200 m høgre opp. (Kilimanjaro ragar 5895 m o.h. Porten der folk startar å gå ligg på snaue 1800 m. Også i denne høgda vert det dyrka bananar).

Alan er først og fremst ein hardarbeidande og dugande snikkar. Saman med resten av familien driv han i tillegg landbruk, der dyrking av bananar, frukt som mango med meir og kaffi er hovudprodukta. Garden har og ein gris og ei ku. Tomta ligg i eit bratt, vestlandsliknande terreng som skrånar jamt heilt til toppen av fjellet.
I denne keramikkskåla brenn Alan kaffibønnene, ½ kg av gongen. Metall duger ikkje, då blir dei lett brende

onsdag 27. januar 2016

Skulestart i januar 2016



Tidlegare år har eg komme på besøk i slutten av januar. Denne gongen var opphaldet i perioden 8. – 18. januar. Skulen og barnehagen starta opp måndag 11. og det meste i dette innlegget handlar om inntrykk frå denne dagen.

Dei aller fleste borna gledde seg til å begynne, i barnehagen (nursery school – mellom fire og seks år gamle) eller i skulen (opp til 7. klasse), men det som sit sterkast i minnet er reaksjonane til nokre av dei nye borna i barnehagen, dei som sakna mamma. Alle nye i barnehagen hadde følgje av foreldre for innskriving. Biletet syner foreldre i kø for å komme inn til rektor Neema og hennar hjelparar.