torsdag 26. november 2015

Mi fyrste reknebok - ei heilag stund

English summary in the end.

Born som er frå fire til seks år går i Nursery School. Dei får tidleg innføring i bokstavar og tal og lærer å skrive og rekne. Dei sit for det meste ved eller på pultar i klasserom slik som eldre elevar gjer. Leik er det svært lite av. I februar 2015 hadde eg det privilegium å vere til stades i ein time der alle dei 60 borna i Upper Nursery, dvs dei som fylte seks år same år, fekk den fyrste boka si. Det var ei heilag stund. Samstundes var det lærerikt og tankevekkjande.