fredag 27. februar 2015

Til og frå skulen - ein heil vitskap


Berre nokre dagar før eg kom no i januar hadde dei fått kjøpt ein brukt, litt større buss nokså billegg, i tillegg til dei to små dei hadde frå før. Dette var ein stor ting både for store og små. Borna i heimen hadde teke initiativ til markering med takkseiing (takksigelse på bokmål).

Det var no mogleg å frakte alle 157 born og 10 vaksne (m.a. seks lærarar) mellom heimen og skulen, i ein samla operasjon. Men med til saman 60 sete og 167 personar vart det heller trongt. På biletet kan vi sjå at det sit 6 born på to sete. Dei som sit øvst smilar meir enn dei som har ein på fanget.

 

mandag 16. februar 2015

Første rapport etter besøk januar/februar 2015



Avreisa frå Torp ved Sandefjord var 22. januar og denne gongen vart det 11 afrikanske netter.

Talet på barn i barneheimen ved besøket i januar 2014 var ca 100. Stor var overraskinga då dei fortalte at no var talet 140. I tillegg bur alle elevar i 7. klasse der for intensiv jobbing fram til eksamen 10. og 11. september. Det betyr at 17 elevar som til vanleg bur heime kjem i tillegg slik at det samla tal no er 157.

Det er dei strålande elevresultata – 7. klassen best i landet – som har ført til oppslag i radio, TV og aviser slik at mange foreldre ber om plass til eit eller fleire barn. Ein del av desse bur langt frå skulen slik at barna må bu i barneheimen. Tal elevar på skulen har auka med om lag 100 frå 300 til 400. Pga plassmangel både på skulen og heime, seier dei no konsekvent nei, men ambisjonen er å utvide, kanskje opp mot 600 elevar på skulen.

Det vart ikkje noko bilete av alle dei 157 samla, men her har kameraet greidd å fange opp vel 110 av borna. Det er søndag og tid for TV.