fredag 27. februar 2015

Til og frå skulen - ein heil vitskap


Berre nokre dagar før eg kom no i januar hadde dei fått kjøpt ein brukt, litt større buss nokså billegg, i tillegg til dei to små dei hadde frå før. Dette var ein stor ting både for store og små. Borna i heimen hadde teke initiativ til markering med takkseiing (takksigelse på bokmål).

Det var no mogleg å frakte alle 157 born og 10 vaksne (m.a. seks lærarar) mellom heimen og skulen, i ein samla operasjon. Men med til saman 60 sete og 167 personar vart det heller trongt. På biletet kan vi sjå at det sit 6 born på to sete. Dei som sit øvst smilar meir enn dei som har ein på fanget.

 


 Dei 157 borna som bur på heimen stiller opp i tunet. Etter å ha blitt vekte kl 0500, vaska seg i ansiktet, kledd på seg, greidd håret og fått litt frukost, er klokka blitt 0630 når dei står oppstilte i tunet – sjå biletet. Under oppstillinga må alle vise fram at dei har hugsa å ta med lommetørkle. Det blir ein del, særleg av dei små, som må springe til soverommet og hente. Dei blir så slepte i puljar ut av porten og spring dei 30 metrane opptil bussane.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Ved bussane ventar dei tre sjåførane og lærarar som skal finne plass til alle. Når tal sete er vesentleg mindre enn tal personar må ein det bli stabling på høgt nivå.

 

Turen til skulen tek vel 10 minutt. Den første kilometeren er vegen særs dårleg, med mykje stein og humpar. Denne strekka brukte eg 10 min å gå og bussane og bilane brukar 5 min. Det tyder 12 km per time.  

Borna frå heimen er dei første som kjem på skulen og dei får soleis ventetid før oppstillinga. Bussane køyrer i tre ulike retningar – ein mot Moshi, ein mot fjelltoppen Kilimanjaro og ein i retning grensa til Kenya. Dei hentar born opptil 4 km frå skulen. Grovt sett kan vi seie at 100 elevar går til skulen, 150 kjem frå heimen og 150 blir henta frå naboområda.

Når elevane skal heim blir det nok ein gong oppstilling. Biletet syner nokon av dei rundt 100 som skal gå heim, med Godbless som ser til at alt går rett for seg. Dei blir slepte ut av porten i puljar på 10. Dei må vise aktsemd når dei kjem ut pga ein veg med trafikk rett utanfor porten. Rett nok er standaren på vegen låg, bilane køyrer neppe meir enn i 20 km per time, men likevel.

 

Biletet nedanfor syner elevar som skal fraktast til heimen. Også no er det kø og inn i bussen i puljar.

 

 Det står i overskrifta at organiseringa av "til og frå skulen" er vitskap. I tillegg til det som er nemnt ovanfor, fekk eg eit interessant innsyn i prosessen fram konklusjon om korleis bussane skulle operere morgon og kveld. Det var Godbless, dei tre sjåførane og dei lærarane som stabla borna som bestemte opplegget. I Noreg ville det ha blitt innkalla til eit møte, på ein bestemt dag/klokkeslett. Her vart det meir ein prosess som tok tre dagar. Godbless huka tak i dei involverte etter kvart som dei var i nærleiken og fekk synspunkt. Det vart fleire mellombelse konklusjonar undervegs. Til slutt vart det sett strek med endeleg konklusjon og på uforklarleg vis var alle samla. Dei snakka heile tida swahili og sjølv om eg ikkje skjønte eit ord, var det ikkje vanskeleg ut frå kroppsspråk, stemmebruk og lengda på innlegga kva som gjekk føre seg. Til tider var eg usikker på om folk var sinte eller berre sterkt engasjerte. Det var ein skikkeleg kabal som skulle på plass – kva for bussar skulle køyre i kva for retning når, og kvar skulle elevane samle seg, var dei viktigaste problemstillingane.

For eigen del gjekk tankane tilbake til tida i skulestyret i Luster då vi skulle bestemme reiseopplegg til Jostedal skule og til ungdomsskulen i Gaupne, for elevar i Jostedal. Det var snakk om både buss og drosje og alle skulle ikkje på skulen til same tidspunkt. Også dette var ein skikkeleg kabal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar