fredag 13. mars 2015

Vatn og avlaup


Under besøket no i 2015 braut vassforsyninga i heimen saman. Dei fekk Vassverket, som forsyner områda på den andre sida av elva, til å føre fram reint vatn med godt trykk. Videoen syner nokre av borna som feirar. Det er ei høgtidsstund for store og små å kunne drikke så mykje vatn dei ønsker direkte frå springen. Vi ser at trykket er godt. Vatnet renn mens dei filmar og blir så sjølvsagt skrudd av. Godbless sende denne videoen med mail for nokre veker sidan. 








Biletet syner den nye vassleidninga, eit toms pvc-røyr, som er løfta opp over kløfta der elva renn, og festa med wire i trea.








Heimen har til no fått vatn på to ulike måtar. Den eine måten er via ein kran i tunet som gjev vatn 2-3 timar per veke. Dette kjem frå ei vassleiing som først og fremst vart lagt for å gje vatn til ein skule i nærleiken. Den andre måten har vore å pumpe vatn opp frå elva som renn nedom husa. Til det trengst ei ca 100 m lang vassleidning. Høgdeskilnaden er ca 20 m. Pumpa gjev 6 000 liter per time og i løpet av to timar kan dei fylle kummen, som rommar 12 000 l. Derfrå nyttar dei bøtter for å hente vatn til klevask, vask av bidne, kroppsvask med meir. Vatn til matlaging tek dei frå krana.

I dei løpet av den korte veka det tok før ny vassforsyning var ordna, måtte dei kjøre vatn frå skulen. Dei nytta då ein pick-up og frakta vatn i eit plastkar som romma 1000 l og i tillegg fem 20 l bøtter. Det betyr at dags-forbruket er 2 200 l. Det eine biletet syner pick-upen i tunet heime som tappar vatn over i kummen ved hjelp av hevert-prinsippet. Det andre biletet syner kummen og vatnet som renn.

 


 
 
2 200 liter per døgn til 157 born og rundt 20 vaksne er svært lite. Det er på nivå med det ein fann i Noreg «i gamle dagar», 10 liter per person, då vatnet måtte berast frå ein brønn eller liknande. På nettet kan ein finne informasjon om «moderne» forbruk av vatn per døgn i Noreg. Store Norske Leksikon  opplyser at forbruket i 2005 var ca 200 l per person. Eit langt større tal, 2 000 l per hushald, finn ein på VG Debatt.  

Ein annan side av dette er utsleppet av brukt vatn. Det er grave fleire djupe holar for utslepp frå toaletta og filtrering av vatn i grunnen. Vatnet frå klevask spreier dei bare utover det området der dei står og vaskar og det forsvinn straks vakkert ned i grunnen. Dei har såleis i dag ikkje problem med å sleppe alt brukt vatn i grunnen. Men dei ville få eit kjempeproblem dersom dei skulle skaffe seg våre vassklosett, gå over til å dusje i staden for kroppsvask etter noverande «hyttemetode», installere maskinar for klevask og oppvask osb. Med den nye vasskjelda har dei kanskje vatn nok til alt dette, men det hadde ikkje lete seg gjennomføre pga avlaupsproblematikken.

Når borna kjem heim etter skuletid, skal dei ha kroppsvask. Budsjettet for utgifter til oppvarming av vatnet er lågt. Tidleg på dag fyller dei opp 800 l vatn i 10- og 20-liter kar og desse står og godtgjer seg heile dagen i sola. Det blir sikkert ganske varmt. I regntida kan dei ikkje gjere det slik. Eg gløymde å spørje om dei då vaskar seg i kaldt vatn eller om dei kokar opp nokre liter og lagar ein lunk i kvart kar. Etter at dei fekk eit anlegg for gassproduksjon ved hjelp av kumøkk ville heller ikkje dette føre ti store utgifter.  Dei 800 litrane gjev om lag 5 liter til kvart barn. Sjå bildet.
 
Dei har no vatn frå to kranar og kummen. Det er ein stor jobb som skal gjerast med å bere vatnet i 10- og 20-liters kar til området for klevask, til romma for kroppsvask osb. Det er for det meste jentene som ber, på hovudet sjølvsagt. Bileta syner ei lita jente som har fått beskjed om å bere tomme kar og vi ser Emmy som har 20 l på hovudet. Ho måtte både ta i og balansere godt for å få karet opp utan at det skvulpa ut for mykje.
 
 

 

  

 

 

 

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar