tirsdag 21. april 2015

maisdyrking utan traktor


Godbless eig og leiger fleire areal for dyrking av mais, bøner, eit kornslag og peaneter. Dei et mykje mais og det dei haustar dekkjer om lag 2/3 av årsbehovet. Han seier at dei har åtte acres. Rekna om blir dette 32 norske mål, dvs ein middels norsk gard. (Men storleiken på gardane har vel auka ein del dei siste ti-åra reknar eg med)  
 I mars månad var det tid for planting – regntida var i gang. Rundt 115 personar tok del i plantinga, dei ca elevane i 5. - 7.klasse og 15 vaksne som arbeider på skulen og i heimen - eg veit ikkje kor mange dagar dei brukte. På biletet ser vi 20 gutar med kvar si hakke klare til innsats.
 



 
 

Undervegs i arbeidet er det matpause, mjølk, graut og brød, dvs loff som vi ville kaldt det, dei har berre finmalt kveitemjøl i brøda sine. På biletet ser vi Joseph i raud skjorte. Han er matematikklærar for 7.klasse.

 

I april var det tid for luking, sprøyting av gift mot skadedyr og spreiing av kunstgjødsel. Framleis vart alt arbeid gjort med hand. Då var dei 37 personar, alle vaksne. Elevane hadde påskeferie. (Skuleåret startar i januar og har tre periodar, ikkje to som i Noreg. Dei har ein lang ferie i juli/august, ein lang ferie i desember/januar og ein lang ferie før og etter påske.)

For å ha nok hender måtte dei leige inn 10 personar. Arbeidet tok ei veke. Venteleg fekk dei som vart leigd inn rundt 20 kr per dag. I løpet av ei veke kosta dette i så fall 10x20x6 = 1200 kr.

Her ser vi at det er rikeleg med ugras.

 


Biletet syner dei tre som sprøyta gift. Verneutstyr er mangelvare i mange samanhengar - trur eg i det minste ville hatt på sko. Abdela til venstre. Han er ein av fleire vaktmeistrar på skulen.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar