Kvifor og korleis støtte barneheimen?


Det er to hovudformål med denne bloggen. Det eine er å formidle noko av opplevingane vi har hatt, særleg i møta med Neema og Godbless og det arbeidet dei driv. Og så er det å invitere interesserte til å støtte arbeidet økonomisk. I tillegg har vi andre typar opplevingar frå Afrika, ikkje minst frå familieturen sommaren 2012, ein tur som store og små hadde spart til i tre år.

Eg, dvs Bjørn, har mange flotte opplevingar, på mange plan, når eg bur hjå Neema og Godbless og kan vere i lag med og snakke med dei og med alle borna og tilsette. Organisering og gjennomføring er interessant og lærerikt og det set ting i perspektiv og får meg til å reflektere over korleis born og vaksne har det og korleis vi ordnar oss her heime. Eg blir ofte imponert og slegen av kor mykje kvalitet og omsorg det er i opplegga deira. Og så blir eg ofte imponert av kor godhjerta borna er. Eg har aldri sett borna krangle eller vere ufine med kvarandre. Godbless skjønte faktisk ikkje heilt kva eg snakka om da eg fortalte han om mobbeproblematikken.

Og ikkje minst får eg stadig klump i halsen - når alle syng av full hals, når dei flokkar seg rundt meg og vil ha meg til syngje eller fortelje frå Norge, når dei takkar Neema og Godbless for maten og ønskjer god natt på veg til å leggje seg, når det er vill jubel når eg kjem og tårer når eg reiser – og mykje meir.

For meg personleg har dette gitt livet nye dimensjonar og eg føler meg privilegert og heldig som har fått dette nære forholdet til Neema og Godbless og arbeidet deira. Eg kjenner såleis på takksemd og eit ynskje om å forsøke å samle økonomisk støtte.

Praktisk talt alle borna som bur der er foreldrelause eller kjem frå vanskelegstilte heimar. For dei er alternativet eit liv i fattigdom med dagleg uvisse når det gjeld mat og andre grunnleggjande behov. Etter feriane er det mange som kjem attende til Neema og Godbless i dårlegare stand enn då skulen slutta. Mange har fått berre eitt måltid om dagen, og då svært ofte mais.

Desse grunnane for å støtte vil gjelde mykje av det ein møter i utviklingsland. At privatpersonar tek initiativ til å etablere ein skule skjer nok i eit visst omfang, men at eigarane opnar heimen sin for den tredjedelen av elevane som kjem frå fattige kår, er kan hende nokså eineståande. Det er viktig at dei lukkast med dette, både av omsyn til borna og fordi det vil byggje sjølvkjensla og vise omverda, både lokalt og elles, at dei sjølve har den kreativiteten, dugleiken, kunnskapen og energien som skal til for å ta tak i ei slik samfunnsutfordring.    

To viktige moment kan nemnast i tillegg – for det første får dei utruleg mykje ut av pengane. Mykje er billeg etter vår målestokk – ein handverkar kostar ca 15 kr. timen, ein lærar tener ca 600 kr i månaden. Men i tillegg til dette har særleg Godbless eit utruleg talent når det gjeld å motivere folk til å gjere ein innsats som anten er dugnadsprega eller blir lønna lægre  enn det som er vanleg. Det kan vere i samband med bygging av hus, planting, innhausting, matlaging og husarbeid elles, etc. Det andre momentet er at alle kronene som kjem inn går til føremålet og at eg dessutan er der ein gong i året og ser og får forklart korleis midlane har blitt nytta og kva som er behova og planane vidare.

Eg har opna ein konto i Luster Sparebank slik at dei som føler for det kan overføre midlar. Det er mange som har gjort det og i 2010 – 2012 kom det årleg inn mellom 20 000 og 30 000 kroner i tillegg til det eg sjølve bidrog med. I april 2013 er det no blitt fem personar som gjev månadlege bidrag. Kontoen blir tømt fire gonger per år og alt blir overført til Godbless sin konto.

Det er diverre ikkje høve til å få skattefrådrag. Då må eg i tilfelle etablere ein organisasjon, ha revisor og søkje Skattedirektoratet, som venteleg vil avslå ein søknad. Det er nemleg krav om at vedkommande organisasjon får statsstøtte, for å gje skattefrådrag til bidragsytarane. 

 

Kontonummeret er: 3785 11 72557

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar