fredag 10. oktober 2014

Litt om dei ulike faga



Det var matematikk for 7.klasse eg følgde mest, særleg på kveldane heime. Læraren heitte Joseph og var ein tolmodig og dyktig pedagog. Alle timane eg følgde gjaldt drill i rekning på dette nivået – forkorte brøkar, finne x, øve seg på parentesar  osb. Oppgåvene hadde minimalt med tekst, dvs det var i hovudsak naken rekning og matematikk.

Det var i stor grad slik matematikk var lagt opp også då eg gjekk på skulen, t.o.m. på gymnaset. Dette tilsvarar også første del av matematikkeksamen i 10. klasse i norsk skule i dag. I 2. del har oppgåvene mykje tekst og matematikklærarar fortel at det er den språklege utfordringa som skapar mest problem for elevane. Dei får i gjennomsnitt lægre karakter i matematikk enn i dei andre skriftlege faga. 

Men med all denne drillinga blir nok desse afrikanske elevane flinkare enn dei fleste norske elevar til sjølve reknehandverket.

Dei heldt på med dette til kl 2200 kvar kveld. Då gjekk direkte til sengs og blei vekte kl 0500 etter sju timar med søvn.

 

Det var interessant å følgje undervisninga i samfunnsfag på ulike trinn. Eg fekk m.a. eit visst  innsyn i korleis afrikanarar forstår kolonialisering.
Opptakten til kolonialisering blei delt opp på følgjande vis:
·         Hærstyrke
·         Misjonærar (Eg følte eit behov for å problematisere det sidan det er svært mange kristne i Afrika)
·         Oppdagingsreisande
·         Handelsmenn
 Dei skilde mellom aktiv (Opprør og våpenbruk) og passiv motstand og kva for faktorar som bestemte karakteren og graden av motstand:
·         Utviklingsnivået i landet
·         Graden av europeisk nærvær
·         I kva grad einskilde afrikanske leiarar brydde seg (Ignorance of some african leaders)
·         Personleg interesse (korrupsjon blant afrikanarar?)  
I dette faget trur eg elevane i stor grad lærte det dei var forventa å lære. Dei noterte alle desse hovudpunkta og læraren stilte spørsmål og det var stor aktivitet i klassen.
 
Elles følgde eg undervisninga i kroppsøving og kunst og handverk. Det eg såg var for det meste sørgjelege greier. Elevane var nok ivrige, men lærarane verka lite inspirerte og med svak kompetanse.
Det var fotball, i hovudsak for gutar, og korgball for jentene. Alle løp etter ballen og det var eigentleg ikkje bruk for dommar. I eiga skuletid var det og mykje ballspel av same slaget, men vi var berre ein klasse. På Bethel school har alle klassane kroppsøving samstundes. Eg har tidlegare lagt ut ein video som syner dette.
Formingsfaget slit med at dei har minimalt med midlar til kjøp av materialar. I ein time nytta dei leire frå grunnen på skulen. Den var raud og såg grei nok ut, men læraren verka ikkje inspirert og let alle elevane laga lite fantasifulle askebeger, som seinare vart soltørka.  
Eg er ikkje sikker på om musikk er eige fag. Men i ulike samanhengar er det både dans og song. Så det er vel kanskje eit område der dei får ei viss innføring og trening.  
Eg har teke opp med Godbless og Neema at dei har eit stort potensiale i å utvikle dei praktisk estetiske faga, ikkje minst musikk. Og eg har gjeve døme frå norske skular på kor viktig dette kan vere både for elevane sjølve, for miljøet på skulen og i forhold til lokalsamfunnet.
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar