lørdag 30. august 2014

Undervisning og læring





Ein nordmann kjenner att mykje av det som skjer i klasserommet i Bethel school, men det er òg mykje som overraskar. I dette innlegget skal eg gje eit bilete av inntrykk etter ca 10 besøk i klasserom, med forskjellige lærarar/fag/klassesteg.

Det første som skjer når ein vaksen person kjem på besøk er at alle elevane reiser seg og helsar velkomen og spør korleis det står til. Så må du svare at du har det fint og spørje korleis dei har det. Denne helsinga vert òg gjennomført når læraren kjem til timen. Og når timen er slutt reiser alle seg og takkar læraren for god undervisning.

Biletet syner lærarstaben i februar 2013. Tre av dei er assistentar i «barnehagen», dvs gruppa med 4-6 åringar som går i nursery school. To av dei er ikkje lærarar, m.a. Godbless ytst til høgre.  





Eg gjekk på folkeskule (7 år), realskule (2 år) og gymnas (3 år) i Porsgrunn på 50 og 60-talet. Det eg opplevde på Bethel school i Tanzania samsvarar på nokre område med minner frå eigen skulegang. Særleg gjeld det rolla til læraren. Ho styrer det heile. Ho skriv på tavla, forklarar/doserer og stiller spørsmål. Ein annan likskap er at elevane nesten alltid er samla, i klasserommet. Eg såg ikkje døme på at elevane delte seg opp i grupper. Sjølv om skulen ikkje har grupperom, ville det ha vore mogleg, t.d. ute under eit skyggefult tre. Det er med andre ord minimalt med aktivitet elevane i mellom.

Ein tredje likskap er at det er lite samarbeid mellom lærarar generelt og særleg når det gjeld på tvers av fag.

Ein fjerde likskap er at klasseromma ligg på line. Det blir heilt likt det vi kallar korridorskule, bortsett frå at i Afrika treng dei ikkje korridor, noko som ville vere ein ekstra kostnad. Det er nok med eit bølgjeblikktak som rekk 2-3 meter utom husveggen, for regnperiodane.       

Neema, Godbless og eg hadde diskusjonar om kor fornuftig det er å la læraren ha denne eineveldige rolla. Eg utfordra dei på at læraren ikkje alltid vil vere der i livet til elevane, og gje faciten. Skulen bør og bu elevane på livet etter skulen. Ei av formuleringane i den nye formålsparagrafen i opplæringslova lyder slik: Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.  (Ein kan vel seie at desse formuleringane erstattar tidlegare formulering i lova om utvikling av «gagns menneskje». Dette uttrykket er teke ut.)

Neema og Godbless var samde i at dette er eit viktig langsiktig perspektiv, men at det kortsiktige perspektivet - maksimere elevane sine prestasjonar til eksamen – må ha prioritet. Gode eksamensresultat er naudsynt for vidare skulegang og utdanning er viktig for ha en sjanse til eit godt liv. Dersom ikkje læreplanen og utdanninga til lærarane  blir endra, vil nok organisering og lærarrolle halde fram som no. Dei ville likevel prøve å ha nokre økter med dei eldste elevane og be dei forme ut planar for livet – utdanning, jobb, kvar dei ville bu etc. Slike planar ville dei la elevane diskutere seg i mellom. Eg veit ikkje om dette er gjennomført, men skal spørje.

Godt vaksne norske lærarar eg har snakka med meiner at det var læreplanen som kom i 1974, M74, som var starten på ei endring av lærarrolla i norsk skule. Ette kvart er det blitt mykje lærarsamarbeid, vi har fått nye løysingar for skulebygg med meir.

Om lærarrolla og fråvær av gruppearbeid på Bethel school er slik som i Noreg fram til 1974, så er det andre ting som er heilt forskjellig. I februar 2014 opplevde eg at

·         Elevane var djupt konsentrerte  om undervisninga. Det var inga småsnakking dei i mellom. Det såg heller ikkje ut som om dei sat passive og tenkte på andre ting

·         Praktisk talt alle rekte opp handa når læraren stilte spørsmål (men det var ikkje alltid dei svarte rett)

·         Pga mangel på lærebøker skreiv læraren sentralt stoff på tavla. Dette kunne t.d. vere teikningar eller setningar og ord som strukturerte stoffet. (t.d. ulike former for kolonialisme). Elevane førte dette inn i kvar sin exercise book i vedkommande fag (sjå tidlegare blogginnlegg)

I ein av timane eg var til stades vart det ikkje sagt eitt ord. Læraren skreiv og elevane førte inn i exercise book. I andre timar var det repetisjon av stoff som dei hadde ført inn i exercise book og fått forklart. Då kunne det meste av timen gå til spørsmål og svar – stor aktivitet blant samtlege og full konsentrasjon! Ein drøymesituasjon for ein lærar.

I det heile ser motivasjonen ut til å vere på topp. Eg har tidlegare nemnt at 7.-klassingane som bur i barneheimen har tre økter med lærarstyrt undervisning etter at dei kjem frå skulen. Når dei avsluttar kl 2200 er dei framleis på hogget! Dei går då og legg seg og vert vekte kl 0500.  Dei yngste elevane var ei økt. 5. og 6. klassingane har to økter. Det er interessant og nyttig å reflektere over kva denne kraftige motivasjonen skuldast. Min konklusjon er særleg to forklaringar

·         Dei forstår at dei er heldige som får gå på skule, leve i lag med gode vener og at dei bur trygt, har ei god seng og får sunn og nok mat i barneheimen  

·         Dei som har behov får individuell ekstraundervisning. Det er mykje repetisjon og terping. Resultatet er at nesten samtlege opplever at dei lærer og meistrar. Særleg det siste kan vere viktig for mange

Det er 6-7 av lærarane som bur i barneheimen. Nokre av dei er anten onkel eller tante til ei gruppe elevar. Dei søv til vanleg med elevane, følgjer dei på do, hjelper dei minste med å vaske seg og kle å seg etc.

 

I neste innlegg skal eg gje nokre døme på innhald og opplegg i ein del av faga.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar