tirsdag 12. august 2014

Oppdraget til lærarane


Då eg besøkte Neema og Godbless I februar2014 fekk eg for første gong tid til å vere til stades I mange av klassane for å følgje undervisninga. Tidlegare har det berre vore meir stikk innom i tilfeldige klasserom. Denne gongen forsøkte eg å variere både klassesteg, fag og kva for lærar som underviste. Det vart i overkant av 10 besøk. I tillegg følgde eg med på undervisninga som føregjekk på kveldane heime, særleg 7.klasse sidan dei var avgangsklasse og jobba særleg hardt.

Mykje kjenner vi att frå norsk skule, men det er sjølvsagt òg døme på ordningar og opplegg som overraskar ein nordmann. Eit slikt døme er at alle lærarar har kvar sin bok der dei før di går til timen må gjere greie for opplegget, basert på læreplanen i faget/steget. Ei tilfeldig valt side i boka til ei av lærarane ser slik ut:

 



På den avbilda sida kan vi sjå at læraren skal gjere greie for fem ulike «stages» (steg/deler/etappar) der kvar del får eit visst tal min, frå 5 til 15 slik at summen vert 40, som er lengda på ein undervisningsbolk. Nemninga på dei fem «stages» er: Introduksjon, Ny kunnskap, Repetisjon (reinforcement), Refleksjon og Konsolidering.

Bildet syner at det for kvart «stage» skal det vere ein omtale av læraren sine aktivitetar, elevane sine aktivitetar og vurderingsopplegg (assessment).

 Dette skal altså alle lærarar fylle ut for kvar einaste time. Det vart ikkje til at eg fekk gått i djupna på korleis dette eigentleg fungerer. Med mykje tilsynserfaring frå tida hjå Fylkesmannen hadde eg lyst til å stille rektor og lærarane ulike spørsmål for å finne ut korleis dei vurderte opplegget og i kva grad det vart følgt, men eg var jo ikkje på tilsyn eller studiereise, så eg let det vere. Det ville òg ha vore interessant, med referanse til debatten vi har her i landet, å høyre om dei tykkjer dette er til hjelp eller om det er unødvendig byråkratisering.

Eg fekk høyre at protokollane ikkje vert samla inn, t.d. for at rektor skulle sjå dei. Opplegget kunne ha vore eit godt grunnlag for refleksjon og samarbeid lærarar i mellom, men ingen nemnde dette. Den einaste bruken som vart nemnt, var at protokollane blir lagde fram for tilsynsfolket når dei kjem.

For oss er det interessant at denne planlegginga av timane skjer i høve læreplanen og ikkje i høve læreboka. Grunnen til det er vel m.a. at læreplanen har ein mykje meir sentral rolle enn det vi er vande med og at mange lærebøker har dårleg kvalitet.  

Alle lærarar har sitt personlege eksemplar av læreplanen for det faget dei underviser i. Læreplanen  er mykje meir omfattande enn dei norske. Eg vil tru at norske lærarar vil meine at noko av dette kunne ha vore verdfullt å innføre i Noreg, men nokre delar vil venteleg mange vere kritiske til, t.d. det som gjeld korleis lærarane kan leggje opp undervisninga (Teaching/Learning Strategies). Metodefridom står høgt i kurs i Noreg. Det kom klart fram i diskusjonen av læreplanen som vart innført i 1997 av Gudmund Hernes.

På bileta nedanfor ser vi overskriftene som er nytta i læreplanen. Dei av lesarane som er lærarar eller er innafor skulesystemet på ein annan måte, vil sjå kor omfattande dette er samanlikna med den norske versjonen, t.d. har ikkje vi assessment (vurdering) innebygd i læreplanen.

I neste innlegg skal eg gje eit bilete av livet i klasseromma eg besøkte.
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar