lørdag 22. november 2014

7. klassingane fekk best eksamensresultat i heile Tanzania


Tidlegare i veka sende Godbless ein e-mail der han fortalte at 7.klassingane ved deira skule, Bethel School, hadde dei beste resultata i landet ved nasjonal eksamen no i haust. (Skuleåret startar i januar) Neema og Godbless får no gratulasjonar frå heile landet, fortel dei. Dei får og mange spørsmål frå foreldre om deira barn kan gå på skulen.

Biletet syner 7.klassingane som bur på barneheimen, i tillegg er det nokre elevar som går på skulen, men som bur heime.

Noreen sit i fremste rad, nummer to frå venstre. Ho var den einaste som fekk beste karakter i matematikk, A. Alle fekk A i engelsk. Ingen stryk i nokon av faga.





Dei er oppe i fem fag. Fire av faga tek til saman ein og ein halv time, matematikk to timar. Det går over to dagar.

Dette er eit sokalla multiple choice-opplegg. Elevane får mange spørsmål og med fire svaralternativ til kvart spørsmål. Så er det berre å krysse av. Dette går fort dersom du har kunnskapen. I matematikk får dei reknestykke, utan tekst.

USA og mange andre land har eit slikt opplegg. Det er effektivt og billeg å gjennomføre. Ei svakheit er at ein ikkje får testa kreativitet og mange andre eigenskapar og innsikter. I eit land som Tanzania er det likevel kanskje den einaste realistiske måten å gjennomføre eksamen på. Det ville bli svært komplisert og dyrt å innføre noko som liknar på norske eksamensoppgåver og opplegg for anonym sensurering.   

Då eg kom til Tanzania tidleg i januar i år, var det det nye opplegget for arbeid med lekser på kveldstid som imponerte meg mest. På biletet nedanfor er klokka nærare 9 om kvelden. Ein kan sjå tre lyspærer – 5.klassingane sit nærast, 6.klassingane sit i midten og 7.klassingane sit lengst bak, attmed sekkane med mais. 5. og 6. klasse avsluttar kl 9, 7. klasse kl 10. Alle blir vekte kl 5.

Det er ein del av lærarane frå skulen som bur i barneheimen. Desse leiar arbeidet på kveldstid. Eg sat ofte og hørte på matematikkundervisninga i 7. klasse, men og andre fag. I 7. klasse gjorde dei seg ferdige med pensum fram til påske. Tida etter påske vart brukt til repetisjon, då vart også dei andre 7.klassingane på skulen tekne med.

Som nemnt i tidlegare blogginnlegg var elevane fulle av energi og humør heilt fram til dei skulle avslutte for kvelden. Her var det motivasjon! Ikkje rart ein får best resultat i landet med slik organisering og slik innsats frå elevane.  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar