onsdag 12. mars 2014

Løner, utgifter og skulepeng




Det er vanskeleg å samanlikne lønnsnivået i Tanzania med løner i Norge. Eit mindretal har fast  jobb og løn. Dei fleste forsøker å få noko inntekt på ymse vis – korttidsoppdrag, sal av jordbruksprodukt på torget/i vegkanten/til naboar, anna type sal (to døme eg høyrde var sal av plastposar til torghandlarane og ambulerande sal av brukte sko frå Europa). Svært mange familiar har 200-300 m2 dyrkbar jord der mange dyrkar mais og/eller bøner. Dette fungerer som ei form for minsteløn og er viktig for å overleve. Ordninga er resultatet av ein politikk som vart innført tidleg på 60-talet då Nyerere vart president etter at England (og Tyskland før dei) hadde hatt kolonimakta, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Julius_Nyerere

På vegen heim frå Flesland den 20. februar, såg eg eit slikt reklameskilt som vist nedanfor, utanfor ein butikk. Prisen tilsvarar rundt 3 promille av ein god norsk månadsløn. Fire bollar i Tanzania kostar venteleg rundt 500 shilling eller to kroner. Ein godt betalt lærar får utbetalt rundt  300 000,- shilling (rundt 1 100,- kr) i månaden. 500 shilling (2 kr) utgjer då  1,7 promille. Kr. 1 100,- pr månad i Tanzania utgjer 5% av kr 22 000-,, som er eit døme på norsk månadsløn. Handverkarar tener rundt 15-20 kr per dag.

Bensin kostar rundt 7 kr pr liter, dvs om lag halvparten av vår pris. Då blir bilhald ikkje mogleg for dei fleste. På den andre sida: mange har hjelp i huset. I ein del tilfelle skjer det med berre seng og kost som betaling. Sjølv om samanlikning er vanskeleg er konklusjonen likevel klar – vi er på ein annan klode materielt sett.  
 

4 bollar – 75 kr

(Dyraste bollane eg har høyrt om. Skulle tru at det vil skremme og ikkje lokke folk inn i butikken)                

Skulepeng
Vi er vande med at all offentleg utdanning er gratis, på alle nivå. Og vi er vande med at offentleg utdanning har ein kvalitet som ikkje skil seg frå privat organisert utdanning, på alle nivå. Både når det gjeld skulepeng og kvalitet er dette vesensforskjellig frå situasjonen i Tanzania. Det er og slik at nivået på skulepeng aukar solid etter kvart som du klatrar på utdanningsstegen. Dette innlegget blir ei innleiing til meir utfyllande omtale av desse forholda i eit seinare innlegg

Det er eit skilje mellom offentlege (government schools) og private skular. På dei offentlege barneskulane skal foreldra eller andre føresette betale 480 kr. per år i skulepeng. Dette skal først og fremst dekke utgiftene til mat i skuletida og til vaktmann. I tillegg må elevane kjøpe bøker. Dette er mest ei «exercise book» for hvert fag, der dei noterer og teiknar frå læreboka, Det er til vanleg langt færre lærebøker enn elevar. På dei fattigaste skulane er læraren den einaste som har lærebok. Til vanleg må grupper på 3-5 elevar sjå i kvar si lærebok, som då vert samla inn att etter timen.

Dei må òg kjøpe uniform og betale for å gå opp til eksamen (5., 6. og 7. klassesteg). På barneskulenivå er difor samla årlege utgifter i praksis ca 2000 kr.

Ei årleg utgift på 2000 kr. er i mange tilfelle svært problematisk å skaffe for fattige familiar og ikkje minst der borna er foreldrelause. Dei offentlege skulane er ofte sveltefora når det gjeld offentleg støtte. Regjeringa har bestemt at dei offentlege skulane skal ta seg av dei fattige. I mange tilfelle sender dei offentlege skulane likevel dei ikkje betalingsdyktige ungane heim, fordi dei har erfaring med at pengane då kan komme. Det høyrest ut som om dei offentlege skulane har ulik praksis når det gjeld om dei let dei aller fattigaste ungane bli verande, dvs der dei ikkje greier å tyne ut skulepeng.

Private skular har til vanleg god økonomi. Bethel school, som Neema og Godbless driv, er privat og er den einaste private eg høyrde om som tek inn elevar som ingen kan betale for! (Det betyr ikkje at ein på generelt grunnlag skal kritisere private skular – meir om dette seinare) Om lag halvparten av dei rundt 400 elevane ved Bethel blir det ikkje betalt for. Dei fleste av dei aller fattigaste bur i barneheimen i tunet heime hjå dei.


Bildet syner førskuleborn i lunspausen på skule. Mange av veggane på skulen er dekorert med lærestoff.

Det er bidraga frå Norge som har gjort det mogleg å ta inn born frå fattige familiar og samstundes finansiere dei bygga som vart naudsynte etter kvart som elevtalet og talet på bebuarar i heimen auka på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar