torsdag 10. april 2014

Særleg om dei fattige på barneheimen


Ein far banka på døra ei veke før eg kom til Tanzania i februar 2014. Han hadde med seg tre  små born, der to var tvillingar. Dei bur i nabolaget. Mor hadde døydd nokre veker tidlegare og no var han heilt fortvila. Uavhengig av kvarandre sa både Neema og Godbless at han græt. Han har ikkje slektningar som kan ta seg av dei. Så spørsmålet var om borna kunne få bu i barneheimen og gå på skulen. Med den lønna han no har kan han betale noko, men ikkje fullt ut, fekk dei høyre.

Dette er eit av fleire døme på spørsmål dei ofte får om å ta seg av born som har det vanskeleg.  

 Pga auken i talet på barn har det gradvis blitt meir kapasitetsproblem i barneheimen. Det gjeld særleg soveplass og toalett/rom for kroppsvask. Men i mars, nokre veker etter at eg kom heim, tok dei i bruk den nye sovesalen for gutane, som er dimensjonert for 80. To nye toalett og to nye rom for kroppsvask er bygt i samband med dette. Frå medio mars er dermed kapasiteten vesentleg auka. (Det var stor innviingsfest då den nye sovesalen skulle takast i bruk. Assisterande biskop i regionen heldt hovudtalen og ga si velsigning over bygget.)


Her er Sadela i gang med å stappe bussen full, kl 0630

Ein flaskehals som dei plagast med er for liten kapasitet i bussane og pick-upen som fraktar borna og lærarane til og frå skulen. Begge dei to bussane har 19 sete, men dei fyller opp med litt over 40 personar, dei fleste rett nok ganske små og spinkle.

Pick-upen tek alle gutane i 5.-7. klasse, dvs rundt 20. Bilen er godkjent til skulebruk – den har m.a. kallesje. Luka bak er svært tungvint å opne – den kan ikkje opnast ved eit uhell.  
 
                                                      Her har dei 20 gutane kome i pick-upen
 
Den mest problematiske flaskehalsen når det gjeld å ta inn nye born er likevel på skulen. Dei fleste klasseromma er dimensjonerte for 45 elevar, men i 1. klasse er det 65 elevar og i 2. klasse 60.

Attende til den gråtande faren med dei tre borna – etter å ha diskutert med dei tilsette i barneheimen og med lærarane på skulen, tok dei i mot desse borna.

 
Nokre andre døme på born som har hatt det særleg vanskeleg

For nokre år sida fekk Godbless spørsmål frå ein ven han har i hovudstaden Dar es Salaam, om han kunne ta seg av ein gategut. Dei tok i mot guten. Alderen hans tilsa 6. klasse, men pga manglande grunnleggjande ferdigheiter, m.a. i lesing, vart han teken opp i 2. klasse. Han lærte fort, hoppa over nokre klassesteg og gjer det no svært så bra på skulen, og ikkje minst – har ser ut til å ha det godt og er harmonisk og nøgd med livet.

Eit anna døme er den foreldrelause guten som kom til heimen i januar 2010. Ei bestemor  levde, men han fekk lite eller inga oppfølging og vanka m.a. mykje på barane i området. Neema sa at han var inne i ei svært dårleg utviklingsbane.

Han vart teken inn og begynte i 2. klasse i staden for 3. grunna manglande leseforståing. Han går no i 5. klasse og gjer det godt i alle fag. «He is harmonic, very sharp and helping others», i følgje Neema. Ambisjonen er å bli anten prest eller ingeniør. Det er ingen som betalar noko for denne guten.

Eg kunne òg ha gitt mange andre døme der borna kjem frå fattige familiar, men skal nøye meg med eitt: Faren har funne seg ei anna. Dei har kontakt med han, men han bidreg ikkje økonomisk. Jenta, som no går i 7. klasse, har ei yngre søster. Mor har òg ansvar for borna til bror sin. Mor tener litt peng på å gå rundt å selje såpe og plastikkposar til dei som står på torget. Når ho har noko til overs, betalar litt for jenta i barneheimen, men langt under satsen. Sidan Neema og Godbless så langt ikkje har hatt midlar til å tilby ungdomstrinnet (lower secondary) er dei no svært engstelege for kva som skal skje etter at jenta blir ferdig i 7. klasse i november og må flytte ut at barneheimen og slutte på skulen.

 Nokre generelle observasjonar og refleksjonar

Neema fortel at når det gjeld dei vanskelegstilte borna så er det ofte ikkje foreldra som tek kontakt. I tilfelle der foreldra er døde eller har forsvunne, er jo dette opplagt, men det er altså i tillegg mange døme på at slektningar tek initiativ når dei ser at born har det vanskeleg. Vanskane kan vere av ulike slag - for lite og for einsidig mat, far har reist sin veg eller han  drikk og er brutal, borna går på sjølvstyr og hamnar i dårlege miljø osb. Lågt utdanningsnivå, enorm arbeidsløyse og elendig økonomi er dei viktigaste forklaringane på slike situasjonar.  

Neema intervjuar dei vaksne som ber om inntak om familiesituasjonen. So regel er det ei kvinne, i sjeldne tilfelle ein mann. Ho spør aldri borna på heimen om familieforholda. Då vert dei ulukkelege og mistar fokus på skulearbeidet. (Då ho sa dette, fekk eg stadfesta ei magekjensle eg òg har – ein bør vere forsiktig med å be borna fortelje om situasjonen deira)

Neema fortalte òg noko anna som er svært tankevekkande – det er eit bevisst val å gjere dagen til borna fullstappa med aktivitetar. På det viset må dei ha merksemd på noko anna enn den miserable situasjonen som mange av dei og foreldra deira, er i. I løpet av veka er det berre nokre få timar på søndag, og enno færre på laurdag, der dei ikkje har plikter av eit eller anna slag. På kvardagar er heile dagen fullstappa med skule, måltid, klevask, kroppsvask, lekser osb. Borna ser blide og nøgde ut, er fulle av energi og gjer det svært godt på skulen. Første intrykket kan likevel gje ein viss følelse av straffeleir og hjernevask. Praktisert i Noreg ville nokon kanskje meine at dei ansvarlege burde bli straffa. Dess meir eg forstår av rammevilkåra og i tillegg livssituasjonen til borna, jo meir blir fornufta og klokskapen tydeleg.

Av dei litt over 100 borna som eg møtte no i mars, var det rundt 30 som det blir betalt for, heilt eller delvis. Neema og Godbless er bevisste på at borna ikkje skal forstå kven som kjem frå fattige kår og kven det ikkje blir betalt for. M.a. er det berre lov å ha med seg eitt privat klesplagg og eitt par sko. Dei blir utstyrte med skuleuniform og fritidskle. Det er ikkje tillete å ha pengar eller andre verdisaker. Når foreldre kjem på besøk og har med seg snop, kake eller noko anna, blir det lagt i ein fellespott til glede for alle.

Tomta dei bur på gjev lite rom for fysisk utfalding til så mange born. Ei av dei som er månadleg bidragsytar sende denne gongen med meg 1000 øyremerkte kroner som ein start på arbeid med å klargjere eit område for leik og fysisk aktivitet. I lag med Neema og Godbless fann vi fram til eit godt eigna område på rundt 700 m2. Halvparten vil bli brukt til ballspel og på resten vil dei plante tre som gjev skugge og montere husker og andre leikeapparat, også for de minste. To mann med spade og trillebor skulle utføre arbeidet og dei starta veka etter at eg reiste heim. Kor mykje dei fekk gjort for 1000 kroner veit eg førebels ikkje.  

I feriane er det ein del som ber om få bli verande i barneheimen og det får dei lov til. Attende frå ferie er det ein del som er i dårlegare form enn då ferien starta, grunna for lite og for einsidig kost. Dessutan e det ein del som får innvolsmark i ferien Dei har prosedyre for å teste for dette og dei som treng det medisin. Så i forhold til grunnleggjande behov så har borna det godt og dei veit å setje pris på det.

 
Stinn brakke dei to timane kvar søndag då TV-en til Neema og Godbless vert plassert i spisesalen. Det går mykje i teiknefilmar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar