Born som
er frå fire til seks år går i Nursery School. Dei får tidleg innføring i
bokstavar og tal og lærer å skrive og rekne. Dei sit for det meste ved eller på
pultar i klasserom slik som eldre elevar gjer. Leik er det svært lite av. I
februar 2015 hadde eg det privilegium å vere til stades i ein time der alle dei
60 borna i Upper Nursery, dvs dei som fylte seks år same år, fekk den fyrste
boka si. Det var ei heilag stund. Samstundes var det lærerikt og
tankevekkjande.
torsdag 26. november 2015
tirsdag 16. juni 2015
Brødbaking med afrikansk ved
English summary at the end
Siste
helga under opphaldet i januar/februar var det brødbaking. Det vart ei lærerik
og utbyterik oppleving. Vi var tre som bakte – Siah, Linda og meg. Neema bidrog
og.
Vi sette
oss som mål at alle dei 157 borna og dei vel 20 vaksne skulle få ein solid
smakebit. Dvs vi bakte for 180 personar. Det vart 60 brød, eller loff er vel
rettare – det vart berre nytta finmalt kveitemjøl, dei får ikkje kjøpt anna.
Brøda var ikkje store, men alle fekk ganske rikeleg. Vi møtte meir utfordringar
enn det eg gjer heime – eg har bygt ein vedfyrt omn i hagen av same storleik.
Det var mange ungar som følgde nøye med i store delar av bakeprosessen.
lørdag 2. mai 2015
Math and practical problems in schools in Tanzania and Norway
Jeg ser at det ikke er helt gjennomarbeidet. Kommentarer tas i mot med takk.
1. Introduction
When
visiting Bethel Home and School in Himo, Tanzania January/February 2015 I had
discussions with math teachers Joseph, Martin and Jumanne. We agreed that I
should write a memo giving them more examples where the pupils must use math to
answer practical problems from real life. Most of the examples in the memo have
connection with the surroundings, especially at the Bethel home.The picture shows Joseph teaching algebra late evening January 31th 2014.
tirsdag 21. april 2015
maisdyrking utan traktor
Godbless
eig og leiger fleire areal for dyrking av mais, bøner, eit kornslag og peaneter.
Dei et mykje mais og det dei haustar dekkjer om lag 2/3 av årsbehovet. Han
seier at dei har åtte acres. Rekna om blir dette 32 norske mål, dvs ein middels
norsk gard. (Men storleiken på gardane har vel auka ein del dei siste ti-åra
reknar eg med)
I mars månad var det tid for planting – regntida var i gang. Rundt 115 personar tok del i plantinga, dei ca elevane i 5. - 7.klasse og 15 vaksne som arbeider på skulen og i heimen - eg veit ikkje kor mange dagar dei brukte. På biletet ser vi 20 gutar med kvar si hakke klare til innsats.
fredag 13. mars 2015
Vatn og avlaup
Under
besøket no i 2015 braut vassforsyninga i heimen saman. Dei fekk Vassverket, som forsyner områda på den andre sida av elva, til å føre fram
reint vatn med godt trykk. Videoen syner nokre av borna som feirar. Det er ei
høgtidsstund for store og små å kunne drikke så mykje vatn dei ønsker direkte
frå springen. Vi ser at trykket er godt. Vatnet renn mens dei filmar og blir så
sjølvsagt skrudd av. Godbless sende denne videoen med mail for nokre veker sidan.
fredag 27. februar 2015
Til og frå skulen - ein heil vitskap
Berre
nokre dagar før eg kom no i januar hadde dei fått kjøpt ein brukt, litt større
buss nokså billegg, i tillegg til dei to små dei hadde frå før. Dette var ein
stor ting både for store og små. Borna i heimen hadde teke initiativ til markering
med takkseiing (takksigelse på bokmål).
Det var
no mogleg å frakte alle 157 born og 10 vaksne (m.a. seks lærarar) mellom heimen
og skulen, i ein samla operasjon. Men med til saman 60 sete og 167 personar
vart det heller trongt. På biletet kan vi sjå at det sit 6 born på to sete. Dei
som sit øvst smilar meir enn dei som har ein på fanget.
mandag 16. februar 2015
Første rapport etter besøk januar/februar 2015
Avreisa frå Torp ved Sandefjord var 22. januar og
denne gongen vart det 11 afrikanske netter.
Talet på barn i barneheimen ved besøket i januar 2014
var ca 100. Stor var overraskinga då dei fortalte at no var talet 140. I
tillegg bur alle elevar i 7. klasse der for intensiv jobbing fram til eksamen
10. og 11. september. Det betyr at 17 elevar som til vanleg bur heime kjem i
tillegg slik at det samla tal no er 157.
Det er dei strålande elevresultata – 7. klassen best
i landet – som har ført til oppslag i radio, TV og aviser slik at mange
foreldre ber om plass til eit eller fleire barn. Ein del av desse bur langt frå
skulen slik at barna må bu i barneheimen. Tal elevar på skulen har auka med om
lag 100 frå 300 til 400. Pga plassmangel både på skulen og heime, seier dei no
konsekvent nei, men ambisjonen er å utvide, kanskje opp mot 600 elevar på
skulen.
Det vart ikkje noko bilete av alle dei 157 samla, men
her har kameraet greidd å fange opp vel 110 av borna. Det er søndag og tid for
TV.
Abonner på:
Innlegg (Atom)