Born som
er frå fire til seks år går i Nursery School. Dei får tidleg innføring i
bokstavar og tal og lærer å skrive og rekne. Dei sit for det meste ved eller på
pultar i klasserom slik som eldre elevar gjer. Leik er det svært lite av. I
februar 2015 hadde eg det privilegium å vere til stades i ein time der alle dei
60 borna i Upper Nursery, dvs dei som fylte seks år same år, fekk den fyrste
boka si. Det var ei heilag stund. Samstundes var det lærerikt og
tankevekkjande.
Borna er
imponerande konsentrerte. Vi som likar den norske barnehagemodellen vil sakne leiken
og tykkje at regimet er alt for strengt. Men dette er no ein gong opplegget i
mange land og desse borna ser ut til å trivast, sjølv om dei må sitje på
plassen sin – det blir kjeft å få for dei som tek seg ein tur i klasserommet.
I ein del
av timane er det klasserom nok til at den store gruppa med 107 born i Nursery
delar seg i to grupper. Det skjer m.a. når dei minste skal sove midt på dagen.
Det skjedde også i den timen der dei 60 eldste fekk si fyrste bok, sjå biletet
ovanfor.
Før
bøkene vart utdelt skreiv læraren på tavla, sjå biletet nedanfor. Her står det
både To day is Monday 2nd February 2015 og
eit stort rutemønster med tal. Begge dele skulle borna skrive inn i boka si.
Boka hadde ruter.
Ein del
hadde problem med starten. Nokre opna boka i feil ende og nokre opna ikkje på
fyrste side. Då dei kom i gang med skrivinga, var det dei færraste som gjorde
det rett, dvs mange forstod ikkje at dei skulle hoppe over anna kvar linje og
anna kvar kolonne.
Det kunne
sjå ut som om nokre born hadde lese- og skrivevanskar eller hadde lært ein god
del mindre enn dei andre. T.d. var det nokre som skreiv 01 i staden for 10 og nokre
fekk hjelp til å halde handa. Læraren fortalte at dei minste borna på skulen er
mindre motstandsdyktige mot sjukdom enn dei eldre elevane. Ein del får malaria,
tyfoidfeber eller lungebetennelse. Dei blir då gjerne heime i to – tre månader
og bruker ein del tid på å ta att dei andre. Men når dei går opp til eksamen i
7. klasse har de lært svært mykje og får eksamensresultat blant dei beste i
landet!
English summary
There are 107 children in Nursery school, age 4-6. Like in many
countries they learn to read write and calculate from the very beginning. They
are organized like ordinary pupils in school, sitting concentrated following
the teacher. (In Norwegian kindergartens the children have a lot time to play,
both organized by the staff and freely. I don’t think you will find that in Tanzanian
preschools)
I had the privilege to be present the day the 60 children in
Upper Nursery were given their first individual book for writing. The book had routes.
Since this was their first book many of the children had problems opening the
books in a correct way and start at page 1. Many of them also had problems
jumping over every second line and column, see the picture of what the teacher
had written on the board and asked them to copy.
Very young children are not so resistant against deceases
like malaria, typhoid fever and pneumonia. If so they usually will stay at home
for two or three months and they must struggle to catch up. But in class seven
everyone prove they are very clever, among the best in the country!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar