onsdag 27. januar 2016

Skulestart i januar 2016



Tidlegare år har eg komme på besøk i slutten av januar. Denne gongen var opphaldet i perioden 8. – 18. januar. Skulen og barnehagen starta opp måndag 11. og det meste i dette innlegget handlar om inntrykk frå denne dagen.

Dei aller fleste borna gledde seg til å begynne, i barnehagen (nursery school – mellom fire og seks år gamle) eller i skulen (opp til 7. klasse), men det som sit sterkast i minnet er reaksjonane til nokre av dei nye borna i barnehagen, dei som sakna mamma. Alle nye i barnehagen hadde følgje av foreldre for innskriving. Biletet syner foreldre i kø for å komme inn til rektor Neema og hennar hjelparar.


Barnehagegruppa disponerer to rom, dei er litt over 100 born så til vanleg deler dei seg. Denne dagen var dei samla og hadde kjekke aktivitetar – mykje hopp og sprett, song osb, sjå biletet. Ein vaksen hadde leiinga og fire andre følgde med og greip inn dersom det var knuffing eller nokon som gråt – det var jo temmeleg trongt.  Seinare på dagen kvilte dei.

Emmy leier leiken 

Tid for å sove

Då borna i barnehagen skulle inn i klasserommet, var det seks av dei 25 nye som ikkje hadde lyst. Dei hadde lyst til å vere med mamma. Men alle foreldre gjekk tidleg. Slik er det i Tanzania og sikkert i mange andre land. Emmy og eg nytta huskene og leikte med desse seks den første timen. To av dei var særleg ulukkelege og gråt, den eine hadde eg på armen store delar av dagen. Det var gråt av lei-seg-typen, sårt og lågmælt, ikkje høglydt.  Eg legg ikkje ut bilete av guten eller dei andre ulukkelege. På slutten av dagen var fire av dei seks interesserte i å vere med dei andre i klasserommet.

Gråten varde også store delar av tysdagen og til dels onsdag. Eg møtte han igjen på fredag. Då var det ikkje gråt, men ein liten gut som var alvorleg og lei seg og som ikkje tok del i leiken i særleg grad. Neema fortalde at det kunne gå opp til to veker før born med slike reaksjonar vart lukkelege og hadde det kjekt saman med dei andre. Slik reaksjon på fråvær av mamma, skuldast i mange tilfelle at dei budde einsamt til med få leikekameratar. Lærarane kjende ikkje til ordninga med å la foreldre ha høve til å vere med inn i klasserommet i starten.

Ein del av foreldra hadde ikkje sikra skuleplass på førehand. Neema måtte seie nei og beklagar til desse, av di alle klasserom var fulle. Då vart dei sjølvsagt svært skuffa, nokre foreldre tok til tårene, nokre hadde kome langveges frå.

Ved starten i 2009 var det fire klasserom og nokre mindre rom. Barnehagen har to av klasseromma, eitt brukast av 5. klasse der elevtalet er så høgt at dei må ha to rom. Dei andre romma blir brukt av rektor og lærarane. Ambisjonen er no to rom til alle klassar. I tillegg treng dei eit laboratorierom, eit bibliotek med plass til pc-ar og eit stort rom der dei minste kan ete lunsj. Det er bygt sju nye klasserom sidan starten i 2009.
Dei treng seks nye i tillegg til romma med andre funksjonar. Då  er tomta fullt utnytta. Med den store interessa frå folk i ein stor omkrins vil det neppe vere problem å auke elevtalet vesentleg ut over dei 500 som er no. Dei som bur langt vekke må bu på barneheimen, så her vil det og vere behov for utviding. Det bur 200 der no og det er litt ledig kapasitet i to av dei tre sovehusa.

Dei som møtte på skulen første dagen og som skulle bu i barneheimen hadde med foreldre. På førehand hadde fått tilsendt eit skjema som opplyste kva dei skulle ha med av kle og anna utstyr. Og då var prinsippet dette og ikkje meir. Det er minimalt med lagerplass på barneheimen så dei kan t.d. ikkje ha med meir enn eitt fritidsantrekk – dei får utdelt to skuleuniformer og to fritidsantrekk av barneheimen. Det eine skal nyttast på søndagar når dei skal i kyrkja. Dei må ha med seg to par sko, eit par svarte til skulebruk og eit par til bruk på fredagar då dei har fysisk aktivitet.



Fem av damene frå barneheimen går igjennom koffertane til dei nye på barneheimen og sorterer ut det foreldra skal ta med heim att. Her har dei pause.

Her kjem bilete frå barneheimen som syner at tannkost, såpe, handkle og undertøy er personleg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar