I 2016 er det ca 500 born på skulen og ca 200 av dei
bur i barneheimen. Etter fullføring av ny, stor sovesal for gutar i 2016, har
barneheimen framleis ledig kapasitet. Skulen derimot er heilt sprengt. Alle
klasserom/klassetrinn er fulle. Dette gjer at ein ikkje kan ta opp fleire
elevar. Dessutan manglar skulen matsal for dei små, bibliotek og laboratorium.
Dette vert påpeikt av tilsynet.
Elevane presterer i landstoppen til avsluttande
eksamen og dei lærer seg gode arbeidsvaner. Rykte om dette spreier seg og
stadig fleire foreldre ønskjer å flytte borna til Bethel. Dei vert svært skuffa
når dei får avslag. Neema har fortalt om tårar. Ho bruker halve dagen dei
første vekene i januar til å snakke med foreldre som har stilt seg opp i kø
utanfor kontoret hennar.
Oppstilling på skulen ein tidleg morgon. Song,
oppmykingsøvingar og ikkje minst formaningar om regelverk og anna. (An early morning. Singing, exercise and rules about what is alowed and how to behave)
I 2015 var talet i heimen 140, mens talet no som nemnt er 200. Hovudgrunnen til den sterke veksten er at dei borna i 5. og 7. klasse som til vanleg bur heime, er blitt inviterte til å bu i barneheimen, laurdag og sundag inkludert. Slik kan dei bli med på hardkøyret fram mot prøve/eksamen i september. Elevane i 5. klasse skal ha ei form for nasjonal prøve og elevane i 7. skal ha eksamen. Berre ein av dei heimebuande takka nei.
Etter skuletid har 7. klasse tre økter med
skulearbeid. Der jobbar dei med eksamensfaga saman med lærar i tre økter fram til
kl 2200. Då går dei sengs og blir vekte kl 0500. Tilsvarande gjeld for 5. og 6.
klasse, men dei sluttar tidlegare enn 7. klasse
7.klasse et middag seint på kveld. No skal dei først vaske opp og så ha siste økta fram til kl 2200. (Class 7 has almost finished eating late evening. After dishing they shall go on until 10 o'clock)
Den sterke veksten dei siste tre åra har hatt diverse
konsekvensar. Organiseringa er den same,
men talet på tilsette må aukast. Såleis trengst det fleire folk til matlaging/servering/vask
av golv/vask av tøy/vask av bidne/stryking av uniformer. Dei fleste vaksne i
hushaldet har meir enn ei oppgåve.
Det er mange unge damer i hushaldninga. Fra venstre Zubeda, Mery, Sarah (lærar), Jubilant (lærar), Felister, Ziada and Fadila. (Many young women among the workers. Two of them are teachers. Names from the left)
I tillegg til vaksne som bur der, skal mange
handverkarar ha varm lunsj. Eg har nokre gonger observert meir enn 20
handverkarar. Elektrikarar og røyrleggjarar er fagutdanna og nokre av snikkarane
og murarane , men dei fleste som jobbar med oppsetting av nye hus er utan
spesialutdanning, slik det og var i Noreg når ein går tilbake i tid. Det
trengst ikkje fagutdanning t.d. for å blande sand, sement og vatn med spade og bære
det i bøtter dit det skal brukast.
Andre typar konsekvensar i tillegg til fleire
tilsette er m.a.:
·
Auka tal meter tørkesnor – oftare enn
tidlegare må du bøye hovudet når du er ute å går
·
Meir lagerplass til mais og annan
mat – dei har bygt eit lager som kan romme fleire års forbruk, under bakkenivå.
Dette er gjort lufttett for å hindre insekt å komme til
·
Fleire kyr på båsen pga auka behov
for mjølk - no er det fem
·
Større behov for busskapasitet
·
Fleire senger til vaksne
Ved siste besøk januar 2016, såg alt som er nemnt her ut til å fungere bra.
Ein konsekvens
er litt meir problematisk. Matsalen er no for liten til å romme alle når borna
skal sitje ved eit bord. Det har dei løyst ved at dei eldste sit under halvtak
og et. Dette er nok kjølig i regntida, da det ofte kan bli under 15 grader,
også ned mot 10 – dei har dårleg med varme kle.
Men
Humøret, trivselen og motivasjonen er det ikkje noko
å seie på – sist påske spurte 95 av dei 200 bad om å få bu der i den lange
påskeferien, i staden for å reise heim. Det fortel samstundes mykje om at livet
heime er lite kjekt for mange av dei. Etter feriane er det mange som kjem
attende etter heimebesøk i langt dårlegare form enn då dei reiste. I mange
heimar er det ein dagleg kamp å skaffe mat.
Elevane i 7. klasse som var oppe til eksamen i
september 2016 hadde like sterke resultat som tidlegare årskull.
I januar snakka eg med ei av jentene som skulle starte opp i år to
på ny skule (9. klasse) og spurte kva ho
gledde seg mest til dagen før skulestart. Eg var sikker på at ho skulle svare
«møte venene mine», men svaret vart «lære meir». Eg fekk bakoversveis.
Summary. Text under the pictures
In 2015 the
number of pupils in school was less than 500 and the number living in the boarding
was 140. I January 2016 these numbers increased to 500 in school and 200 in the
boarding. The reason for this was that Neema and Godbless meant that the
day-schoolers should have the same opportunity to work several hours after
schools with teachers and a blackboard. This was an offer to pupils in class 5 –
they have a national test, and to pupils in class 7 – they have their national
exam, both classes in September. Only one of the day-schoolers said no thank
you.
Class 7 work
until 10 o’clock. Then they go to bed and are waked up at 5 in the morning.
The first picture
is from an early morning at school. There is some singing, exercising and repeating
of rules about what they are allowed and not allowed to do, mostly the last
The growth in
the number of children the last three years have had many different kind of consequences.
First of all more people were needed for cooking, serving, dishwashing, washing
of clothes, ironing the uniforms etc. Most of the workers have more than one
task.
Some of the
other needs were:
·
More
meters of string for drying clothes – walking around you have to bow your head
everywhere
·
More
room for storing food like maze
·
More
cows in the barn, five now
·
More
bus capacity
·
More
beds for adults
The dining
room has become too small. Class 5, 6 and 7 eat outside under a roof. This is
chilly in the rain season. They don’t have warm clothes.
But the
children are very happy, motivated and hard working. Last Eastern vacation 95
of the 200 asked if they could stay in the boarding instead of going home. They
were allowed of course.
The results
of class 7 last September was still in the national top, like the years before.
In January I
talked with a girl who had finished and moved from Bethel Home and School and was
about to start in class 9 in another school nearby. I asked “To what are you mostly looking forward”. I
was sure she would answer “Meeting my friends”. I was wrong. She must be any teachers dream
pupil – “To learn more”!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar