Nytt innlegg ligger under 2012;
Klikk på link her:
Hyl og tårer i Moshi og utsikt til Afrikas høyeste fjell
søndag 17. november 2013
onsdag 6. november 2013
Frøydis Nordbustad - 80 år og framleis aktiv!
Har du nokon gong tenkt tanken korleis det vil vere å
bu i lag med folk som snakkar eit språk du ikkje skjønner eit einaste ord av?
Frøydis opplevde dette i Iraqw-stammen i 1959 etter at ho kom som misjonær til
Mbulu i Tanzania i 1958. Då var ho 25 år gamal og hadde lærarutdanning.
Iraqw-språket
Det er ca 1,5 mill menneske som snakkar Iraqw-språket. Som mange andre språk i Tanzania var det ikkje skrifteleggjort. Frøydis fekk
eit svært godt forhold til folket og vart teke i mot med opne armar. Etter
studium i språklære (lingvistikk) i England i 1963-64, tok ho til med å alfabetisere,
utarbeide grammatikk og ordbok. Etter
kvart skreiv ho òg folkeminnebøker slik at folk hadde noko dei kunne lese. Biletet viser Frøydis i unge år.
fredag 18. oktober 2013
Hausttakkegudsteneste
Nyleg var
eg invitert til gudstenesta i Leikanger kyrkje for å fortelje om det arbeidet
som Neema og Godbless utfører med barneheim og skule. Det var
hausttakke-gudsteneste og 4-åringane fekk kyrkjeboka si, så innhaldet var prega
av dette – ei god stund for borna og oss andre. Pengane som kom inn skulle gå
til Tanzania – folk på Leikanger er gåvmilde!
Det er
mykje kollekt i kyrkjene i Tanzania, rekorden så langt for min del er seks
kollektar, tre av dei gjaldt servering av kaker og te til prestar som skulle
komme på besøk. Dei to første gongene kom det inn for lite. Og så er det ofte auksjon,
særleg når det er hausttakke-gudsteneste. Mange er fattige og har lite
kontantar, men nokre jordbruksprodukt har dei fleste – fem egg, litt mais, ei
høne (ein gong fekk eg tilslaget), ei geit (som eg heldigvis ikkje fekk tilslaget
på) eller bananar som de ser Emmy ber heim på hovudet – ei tung bør i 20
minutt!
mandag 30. september 2013
På skulen
Det har blitt besøk på skulen kvar gong eg har vore hjå
Neema og Godbless, etter 2009. Ein del ting er nokså enkelt å fange opp, andre
ting krev meir tid, t.d. korleis livet er i klasserommet.
Organiseringa av skuledagen er slik:
Før skulen tek til er det ½ t. der elevane er
oppstilte ute. Dei står under dei store trea som har greiner med mykje blad
slik at dei gjev skugge. Denne stunda syng dei og beveger seg til rytmane og
dei får høyre formaningstalar om at dei må arbeide hardt og at dei må følgje
skulen sitt regelverk.
Regelverket er i 14 punkt og presiserer alt som ikkje
er lov - stele, sloss, ha med skarpe
gjenstandar, ha med pengar, ha med mat – dei får maten dei treng på skulen -,
ha med mobiltelefonar osb. Dei skal vere presise, respektere lærarane, halde
klasseromma reine osb. Dei pliktar å ha på skulen si uniform og på skulen skal
dei berre snakke engelsk (dei har engelsk som undervisningsspråk ved denne
skulen).
Alle høyrer etter i samlingsstunda om morgonen og det
er ikkje småprating. På signal marsjerer dei på rekke inn i klasseromma medan
dei syng ein song, av full hals, sjå bilete.
torsdag 26. september 2013
fredag 13. september 2013
Vatn
Heimen
til Neema og Godbless ligg like ved ei elv med ganske reint vatn, som kjem frå Kilimanjaro-fjellet. Det er
rikeleg med vatn det meste av året, men det blir langt mindre når det har vore
tørkeperiode. Eg vil tippe på at maks mengde vatn er om lag som når
Sogndalselva er lita.
Når det er flaum, er vatnet nokså brunt av jord, men venteleg ikkje sterkt forureina på andre måtar. Då eg besøkte dei første gong, i 2006, kom alt vatnet dei brukte frå denne elva. Høgdeskilnaden mellom huset og elva er rundt 20 m så det er ein strevsam jobb sj
ølv for unge spreke karar å bere vatnet opp i 20 l bøtter.
Når det er flaum, er vatnet nokså brunt av jord, men venteleg ikkje sterkt forureina på andre måtar. Då eg besøkte dei første gong, i 2006, kom alt vatnet dei brukte frå denne elva. Høgdeskilnaden mellom huset og elva er rundt 20 m så det er ein strevsam jobb sj
ølv for unge spreke karar å bere vatnet opp i 20 l bøtter.
søndag 23. juni 2013
GREETINGS AND THANKS
(Written by Godbless and Neema)
In a country
where poverty impact is 80% of the population keeping children healthy,
educated, giving them greater child right and protection is a daily struggle.
Bethel Home
and school is a registered non-profit community organisation (no: 3604 yr. 2008.)
devoted to assist children who are living without parents (orphans)/ relatives
to take care of them, abandoned children and children from poor and hardship
families. Therefore Bethel home and school is mainly established to deal with
these 3 groups under the supervision of Rev. Godbless and Neema. (Bethel Home and school is what is called Barneheimen
in the blogg – comment from Bjørn)
søndag 9. juni 2013
Not genuin
På siste turen
lærde eg eit nytt uttrykk, eller rettare
kva meininga var med dette uttrykket. Når Godbless og andre seier Not genuin,
så tyder det at produktet er frå Kina, dvs ikkje frå England eller Tyskland,
der det genuine kjem frå. Not genuin-produkta er billigare, men har låg
kvalitet.
onsdag 5. juni 2013
Første innlegg i dagboka...
Første innlegg i dagboka ligger nå ute:
http://smallandbigintanzania.blogspot.no/2012/07/reise-til-en-annen-verden.html
http://smallandbigintanzania.blogspot.no/2012/07/reise-til-en-annen-verden.html
lørdag 18. mai 2013
Vekemeny i barneheimen
Dei aller
fleste borna kjem frå fattige heimar, der det er vanleg å råd til berre eitt
måltid per dag, og då nestan alltid maisgraut. Skilnaden er stor til
barneheimen der det er sett opp ein gjennomtenkt vekemeny slik at borna skal få
nok kaloriar, proteinar, vitaminar, mineralar etc i løpet av veka. Mais er
hovudkjelda for kaloriane. Dei får kokt mais frå måndag til fredag til middag
på kveldstid. To av dagane er det bønner i tillegg, som er ei viktig
proteinkjelde.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
.jpg)

