På vegen heim
frå Flesland den 20. februar, såg eg eit slikt reklameskilt som vist nedanfor, utanfor
ein butikk. Prisen tilsvarar rundt 3 promille av ein god norsk månadsløn. Fire
bollar i Tanzania kostar venteleg rundt 500 shilling eller to kroner. Ein godt
betalt lærar får utbetalt rundt 300 000,-
shilling (rundt 1 100,- kr) i månaden. 500 shilling (2 kr) utgjer då 1,7 promille. Kr. 1 100,- pr månad i
Tanzania utgjer 5% av kr 22 000-,, som er eit døme på norsk månadsløn. Handverkarar
tener rundt 15-20 kr per dag.
Bensin kostar
rundt 7 kr pr liter, dvs om lag halvparten av vår pris. Då blir bilhald ikkje
mogleg for dei fleste. På den andre sida: mange har hjelp i huset. I ein del
tilfelle skjer det med berre seng og kost som betaling. Sjølv om samanlikning
er vanskeleg er konklusjonen likevel klar – vi er på ein annan klode materielt
sett.
4 bollar – 75 kr
(Dyraste bollane
eg har høyrt om. Skulle tru at det
vil skremme og ikkje lokke folk inn i butikken)