mandag 30. september 2013

På skulen

Det har blitt besøk på skulen kvar gong eg har vore hjå Neema og Godbless, etter 2009. Ein del ting er nokså enkelt å fange opp, andre ting krev meir tid, t.d. korleis livet er i klasserommet.
Organiseringa av skuledagen er slik:

Før skulen tek til er det ½ t. der elevane er oppstilte ute. Dei står under dei store trea som har greiner med mykje blad slik at dei gjev skugge. Denne stunda syng dei og beveger seg til rytmane og dei får høyre formaningstalar om at dei må arbeide hardt og at dei må følgje skulen sitt regelverk.

Regelverket er i 14 punkt og presiserer alt som ikkje er lov -  stele, sloss, ha med skarpe gjenstandar, ha med pengar, ha med mat – dei får maten dei treng på skulen -, ha med mobiltelefonar osb. Dei skal vere presise, respektere lærarane, halde klasseromma reine osb. Dei pliktar å ha på skulen si uniform og på skulen skal dei berre snakke engelsk (dei har engelsk som undervisningsspråk ved denne skulen).

Alle høyrer etter i samlingsstunda om morgonen og det er ikkje småprating. På signal marsjerer dei på rekke inn i klasseromma medan dei syng ein song, av full hals, sjå bilete.


fredag 13. september 2013

Vatn

Heimen til Neema og Godbless ligg like ved ei elv med ganske reint vatn,  som kjem frå Kilimanjaro-fjellet. Det er rikeleg med vatn det meste av året, men det blir langt mindre når det har vore tørkeperiode. Eg vil tippe på at maks mengde vatn er om lag som når Sogndalselva er lita.

Når det er flaum, er vatnet nokså brunt av jord, men venteleg ikkje sterkt forureina på andre måtar.  Då eg besøkte dei første gong, i 2006, kom alt vatnet dei brukte frå denne elva. Høgdeskilnaden mellom huset og elva er rundt 20 m så det er ein strevsam jobb sj
ølv for unge spreke karar å bere vatnet opp i 20 l bøtter.