Barneheimen


Neema og Godbless har tre born sjølve – Gracious (11 i 2013), Precious (8) og Eliah (5 - ein skikkeleg røvar). Frå 2009 har Neema og Godbless opna heimen for dei elevane som er foreldrelause (det er no 20 foreldrelause) eller har andre problem heime, som t.d. berre mor som, som i mange tilfelle er fattig og arbeidslaus og har mange barnemunnar å mette. I tillegg er det ca 10 born som bur der fordi heimen deira er for langt unna til at dei kan møte dagleg på skulen. Dei fleste av desse har foreldre som kan gje økonomiske bidrag til mat etc. Svært få av dei andre har høve til det. I januar 2009 hadde dei teke til seg tre, året etter var det 19, så vart det 41 i 2011 og 65 i 2012. I januar 2013 var det 89 og det er nær kva det finst rom til. Talet på tilsette var i løpet av dei same åra auka frå ein til 15.

Neema og Godbless sitt hus er bygt i mur og relativt stort etter afrikanske forhold, med tre soverom. I tillegg hadde dei før 2006 sett opp eit om lag like stort hus til mor til Godbless. Dei første åra trengte familien seg saman til færre rom for å gje plass til borna og dei tilsette som budde der. Men i løpet av 2010 vart det eit påtrengande behov for meir plass til å sove og fleire toalett. Norske kroner spilte ei vesentleg rolle i finansiering av hus med to store sovesalar, fire nye toalett og fire nye rom for kroppsvask. I 2012 vart det bygt eit 120 m2 stort hus for å ete, gjere lekser og ha samlingar, og i tillegg eit hus for matlaging – fram til då hadde all matlaging til borna skjedd utandørs.
Meir om organisering og livet i heimen kjem i blogginnlegg.


Tilsette februar 2013, ved inngangsporten. Bak frå venstre: Godbless, mama Hindu, Fatuma, Maselina, Pamfil (ansvar for kyr og geiter), mama Toni, mama Mary (sjefskokke). Framme frå venstre: Neema (ikkje kona til Godbless), Emmy (sjef for hushaldet), Happiness, Esther. Fem var ikkje til stades. Dei var ikkje komne heim frå skulen der dei òg har oppgåver, nokre av dei som lærarar. (Når det står mama Mary betyr det at eldste dotter heiter Mary. Sjølv heiter ho Witness. Alle er konsekvente på denne namnbruken.) 
 
Februar 2013, i tunet heime. Kameraet greie å fange om lag 60 av dei 92 borna som ventar på skulebussen kl 0700. Lengst bak ser vi taket på kjøkenhuset. Øvst oppe til venstre ser vi litt av taket til huset der dei et.


1 kommentar:

  1. Jeg vil anbefale alle som leter etter forretningslån til Le_Meridian, de hjalp meg med lån på fire millioner dollar for å starte opp quiltingsvirksomheten, og det var raskt. Når jeg fikk et lån fra dem, var det overraskende hvor lett de hadde å jobbe med. De kan finansiere opp til $ 500.000.000.000 (fem hundre millioner dollar) i alle regioner i verden så lenge det kan garanteres 1,9% avkastning på prosjektene. Prosessen var rask og sikker. Det var definitivt en positiv opplevelse. Unngå svindlere her og ta kontakt med Le_Meridian Funding Service On. lfdsloans@lemeridianfds.com / lfdsloans@outlook.com. WhatsApp ... + 19893943740. hvis du leter etter forretningslån.

    SvarSlett