tirsdag 25. februar 2014

Kosedyr frå Solvorn og Hafslo


Dette blir første blogginnlegget etter turen eg hadde  i januar/februar 2014. Medrekna reisedagane gjekk det tre veker. Turen gjekk svært bra, eg vart til og med kvitt forkjølinga eg hadde fått på vegen ned – det var kaldt og trekkfullt på flyet frå Amsterdam til Kilimanjaro flyplass, ein tur som tek 8 ½ t.

Inntrykka er mange og til dels sterke. I barneheimen og på  skulen hadde eg mange positive og tankevekkande opplevingar. Bilete og videosnuttar er lagra i kameraet og ei heil lita bok er full av daglege notat om det som vart sagt og refleksjonar eg fekk. Det blir difor ein god del blogginnlegg framover.

Første innlegget blir om dei vel 100 kosedyra (stuffed animals på engelsk) som var gjevne av born i Solvorn barnehage og skule og frå ein klasse på Hafslo skule. Det var nok til alle.

 

Det er ikkje enkelt å vete kva ein skal ta med i kofferten for å kunne gje ei gåve til over 100 born. (trur det var 104 som fekk). Det er mykje som må tenkjast på – plass i kofferten, prisen, om dei har bordplass/golvplass/uteplass der dei kan leike med det, om dei kan leike med det utan at vaksne får ekstraarbeid. Alt dette er døme på forhold ein må ta omsyn til. I tillegg bør ein og vurdere om det i det heile er noko poeng å ta det med frå Noreg – i mange tilfelle kan ein kjøpe billigare i lokale butikkar. Det vil dessutan styrke handelsnæringa der. Med avgrensa budsjett var kosedyr ein god ide, så sant det ville vere mogleg å få plass i koffertane. Det er vanskeleg å vete før dei er innsamla.

Borna i Solvorn og på Hafslo vart oppmoda om å sjå etter i skuffar og skap om dei hadde eit eller fleire kosedyr dei kunne tenkje seg å gje ei Afrika-reise. Helst burde kosedyra vere middels store, blaute slik at dei ikkje tok for mykje plass og i eit stoff slik at dei kunne vaskast. Gjevargleda var stor!

Pakkinga var ei utfordring. Løysinga vart å pakke meir enn 90 dyr inn i fire store 100 l plastsekkar og bruke støvsugaren til å dra ut lufta slik at det vert ei vakuum-effekt, og så teipe så raskt som råd. Det er utruleg kor mykje volumet då vert redusert. Men ein må vere rask med å lukke kofferten  – lufta kjem sakte attende.

Vi fullstappa kofferten med resten av kosedyra mellom og oppå plastsekkane, sette oss oppå slik at vi fekk festa loket. Rundt kofferten vart det festa eit stramt band i tilfelle kosedyra skulle vekse så mykje at kofferten vart sprengt. Det gjekk bra, kofferten er like heil.

 Utdeling
Dagen for utdeling vart borna delt inn i grupper på 10. Kvar gong ei gruppe skulle velje, kom dei fram til eit bord der det låg rundt 15 kosedyr. Dei minste, dvs dei på fire og fem år, valde først. Når alle i gruppa hadde valt, tok eg bilete av dei. Det er difor 11 slike bilete. Dei vart bedne om å halde kosedyret fram slik at gjevarane kanskje kan sjå kven som hadde fått deira gåve.

Og så skjer det noko eg ikkje forstod før litt seinare – dei såg ikkje særleg glade ut. Ein del smilte, men mange såg mellomfornøgde ut, sjå biletet:




Etter at alle hadde fått tok vi fellesbilete. Då sa Neema at dei dette var deira personlege kosedyr som dei skulle få lov til å ta med i senga. Jubelen varte lenge og mange kasta kosedyret oppi lufta. Det er nemleg slik at dei har ein regel om at dei ikkje kan ta med noko i senga eller. Grunnen til det er at det ikkje finst skåp eller andre stader dei kan leggje ting. Dessutan ville det bli ekstraarbeid for dei vaksne som skal vaske og halde orden på sengtøy.

Dei var difor sikre på at dette var ei ny utdeling der gåva skulle samlast inn att og at dei kanskje skulle få lov å leike med kosedyra av og til, men kanskje med eit anna dyr enn det dyret dei hadde valt. (På skulen finst det ein del dyr for dei minste. Desse er felleseie.)

Det første biletet i dette innlegget er teke av alle barna, før Neema gjev dei gladmeldinga.

Her ser vi ei seng frå guterommet. Det er med andre ord tre i kvar seng:





  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar