fredag 18. oktober 2013

Hausttakkegudsteneste


Nyleg var eg invitert til gudstenesta i Leikanger kyrkje for å fortelje om det arbeidet som Neema og Godbless utfører med barneheim og skule. Det var hausttakke-gudsteneste og 4-åringane fekk kyrkjeboka si, så innhaldet var prega av dette – ei god stund for borna og oss andre. Pengane som kom inn skulle gå til Tanzania – folk på Leikanger er gåvmilde!

Det er mykje kollekt i kyrkjene i Tanzania, rekorden så langt for min del er seks kollektar, tre av dei gjaldt servering av kaker og te til prestar som skulle komme på besøk. Dei to første gongene kom det inn for lite. Og så er det ofte auksjon, særleg når det er hausttakke-gudsteneste. Mange er fattige og har lite kontantar, men nokre jordbruksprodukt har dei fleste – fem egg, litt mais, ei høne (ein gong fekk eg tilslaget), ei geit (som eg heldigvis ikkje fekk tilslaget på) eller bananar som de ser Emmy ber heim på hovudet – ei tung bør i 20 minutt!