torsdag 20. mars 2014

Slik er det dei vaksne og dei meir enn hundre borna bur

Denne 2 min videoen syner barneheimen og heimen til Godbless og Neema. Medrekna seks lærarar er det rundt 15 vaksne som bur her. Nokre søv i lag med borna, nokre i hovudhuset til Godbless og Neema, nokre i huset attmed bilane og resten i huset som er bygd til mor til Godbless.

Det nye sovehuset til gutane er på 104 m2 og er dimensjonert for 80 gutar med to i kvar seng, men dersom dei er små kan det vere meir enn to i sengane. I samband med denne utbygginga vart det og bygd nye toalett og vaskerom så samla kapasitet på dette for gutar og jenter har auka ganske mykje.

Bygget vart teke i bruk sist sundag og det var stor innviingsfest der assisterande biskop var heidersgjest. Alle gjestene var imponert over standarden og at det er blitt bygd mange hus, mykje pga norske pengar.

onsdag 12. mars 2014

Løner, utgifter og skulepeng




Det er vanskeleg å samanlikne lønnsnivået i Tanzania med løner i Norge. Eit mindretal har fast  jobb og løn. Dei fleste forsøker å få noko inntekt på ymse vis – korttidsoppdrag, sal av jordbruksprodukt på torget/i vegkanten/til naboar, anna type sal (to døme eg høyrde var sal av plastposar til torghandlarane og ambulerande sal av brukte sko frå Europa). Svært mange familiar har 200-300 m2 dyrkbar jord der mange dyrkar mais og/eller bøner. Dette fungerer som ei form for minsteløn og er viktig for å overleve. Ordninga er resultatet av ein politikk som vart innført tidleg på 60-talet då Nyerere vart president etter at England (og Tyskland før dei) hadde hatt kolonimakta, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Julius_Nyerere

På vegen heim frå Flesland den 20. februar, såg eg eit slikt reklameskilt som vist nedanfor, utanfor ein butikk. Prisen tilsvarar rundt 3 promille av ein god norsk månadsløn. Fire bollar i Tanzania kostar venteleg rundt 500 shilling eller to kroner. Ein godt betalt lærar får utbetalt rundt  300 000,- shilling (rundt 1 100,- kr) i månaden. 500 shilling (2 kr) utgjer då  1,7 promille. Kr. 1 100,- pr månad i Tanzania utgjer 5% av kr 22 000-,, som er eit døme på norsk månadsløn. Handverkarar tener rundt 15-20 kr per dag.

Bensin kostar rundt 7 kr pr liter, dvs om lag halvparten av vår pris. Då blir bilhald ikkje mogleg for dei fleste. På den andre sida: mange har hjelp i huset. I ein del tilfelle skjer det med berre seng og kost som betaling. Sjølv om samanlikning er vanskeleg er konklusjonen likevel klar – vi er på ein annan klode materielt sett.  
 

4 bollar – 75 kr

(Dyraste bollane eg har høyrt om. Skulle tru at det vil skremme og ikkje lokke folk inn i butikken)                

mandag 3. mars 2014

Dei største overraskingane



Det var fleire store overraskingar som venta då eg kom til Tanzania 30. januar i år. I dette innlegget skal eg skrive om korleis skulearbeidet heime var blitt trappa mykje opp i høve tidlegare år.

Den aller største overraskinga var likevel at Neema hadde født eit gutebarn berre fem veker tidlegare. Neema hadde meint at dei skulle fortelje meg dette før eg kom, men Godbless hadde lyst til at det skulle vere ei overrasking, og det vart det! Tidlegare har dei fortalt om graviditet ganske tidleg. Han skal heite Markwell. Med det har dei fire born – Gracious, Precious, Eliah og Markwell. Neema har tre månader permisjon frå rektorjobben (men ho hadde dagleg fleire langs samtalar med Lillian, vikaren.)