mandag 3. mars 2014

Dei største overraskingane



Det var fleire store overraskingar som venta då eg kom til Tanzania 30. januar i år. I dette innlegget skal eg skrive om korleis skulearbeidet heime var blitt trappa mykje opp i høve tidlegare år.

Den aller største overraskinga var likevel at Neema hadde født eit gutebarn berre fem veker tidlegare. Neema hadde meint at dei skulle fortelje meg dette før eg kom, men Godbless hadde lyst til at det skulle vere ei overrasking, og det vart det! Tidlegare har dei fortalt om graviditet ganske tidleg. Han skal heite Markwell. Med det har dei fire born – Gracious, Precious, Eliah og Markwell. Neema har tre månader permisjon frå rektorjobben (men ho hadde dagleg fleire langs samtalar med Lillian, vikaren.)

 



 I 2013 og åra før det var eg imponert over at borna hadde energi til å jobbe seriøst med skulestoff på kvelden heime, alle dagar, også laurdag og søndag. No var innsatsen og kvaliteten på opplegget mykje større, men avgrensa til 5., 6. og 7. klasse.

For det første er det no sett av meir tid. 5. og 6. klasse hadde tidlegare ei økte, men har no to – før og etter kveldsbøna. Dei avsluttar når signalet for kveldsmaten kjem (varm mat – kokt mais eller ris, bøner og kjøt to gonger i veka). Men 7. klasse tek ei tredje økt, som startar etter kveldsmaten, ca kl 2100, og held fram til leggetid kl 2200. Då går dei rett i seng og søv til dei vart vekte kl 0500, dvs sju timar. Laurdag kan dei sove lenger, men ikkje søndag, då er det avgang til kyrkje kl 0630.

 

Nærast ser vi 5. klasse, litt bak 6.. Dei har ei tavle. Det har òg 7. som vi ser lengst unna. Biletet er teke på eit tidspunkt då det er lys i dei få lyspærene. Lyset går kvar kveld i korte eller lengre periodar. Generatoren vert starta dersom periodane blir lange. Dersom det er mange og korte brot nyttar dei ladbare leddlys frå Clas Olson i Sogndal.
 
 
 
Barnehagelevane og dei som går i 1. til 4. klasse sit og jobbar i spisesalen. Her ser vi nokre av dei. Ikkje noko å seie på humøret.
 

Tidlegare år har skulearbeidet vore leia av ein eller fleire lærarar, som gjekk rundt mellom elevane og hjelpte til. Elevane arbeidde då med ulike fag. Også dei minste borna jobbar med noko, så vidt eg hugsar var det mykje teikning.

For 6.og 7. klasse er opplegget no endra til at dei får vanleg tavleundervisning av ein lærar, slik som på skulen. Læraren står ikkje og doserer heile tida – han/ho stiller mange spørsmål og då skyt det opp mange ivrige hender. I matematikk må dei fram å rekne.

Det er rundt fem lærarar som bur i heimen, nokre av dei søv saman med elevane og hjelper dei om natta med å gå på do og elles vaskeansiktet, gre håret, pusse tenner og kle på dei minste om morgonen. I den rolla har dei tittel tante og onkel. Det er òg andre vaksne med ulike hovudoppgåver i drifta av barneheimen, som er tantar/onklar i tillegg. Alle born veit kven som er deira tante/onkel. Det gjeld og dei eldste.

I slutten av september begynner avsluttande eksamen for 7. klasse. Dei har skriftleg eksamen i sju av dei 10 faga. Det er svært viktig for elevane å gjere det best mogleg. M.a. med tanke på rekruttering er det  òg viktig for skulen å kunne vise til gode resultat på nasjonale eksamenar. (Det vert arrangert nasjonal prøve for 5. klasse. Sist haust presterte denne klassa svært godt samanlikna med landssnittet)  

Dei hadde sett inn ein skikkeleg langspurt for 7.klassingane og det er særleg her den tredje arbeidsøkta kjem inn. Planen er å komme igjennom pensum i dei viktigaste faga til midt i april og så skal tida fram til eksamen brukast til å repetere! Dei vil då òg lage plass i sovesalane og i «klasserommet» slik at dei 10 elevane som ikkje bur på skulen kan vere med, dvs på repetisjonen.

Borna var ivrige og verka læringslystne, sjølv i siste økta då klokka nærma seg leggjetid. Eg spurte Neema og Godbless om dei trudde at dette var eit uttrykk for ytre motivasjon (ofte omtalt som noko ein gjer av plikt eller for å blidgjere andre) eller indre motivasjon (noko ein gjer av di ein sjølv tykkjer det er kjekt. I dette tilfelle kan det vere kjekt å lære, kjenne at ein meistrar og få ei kjensle av at det vil gå godt til eksamen). Særleg av di dei hadde full gass til siste slutt, konkluderte vi med at motivasjonen måtte vere av det indre slaget. Dersom den mest hadde vore av det ytre slaget, må ein rekne med at borna ville blitt trøytte og fått problem med konsentrasjonen på slutten.

Det er vel slik det er for oss alle og då ikkje berre knytt til skulearbeidd. Når noko er kjekt kan vi halde på aldri så lenge. Men frå eiga skule- og studietid hugsar eg og at eg var mest motivert og jobba best i den fasen der eg strevde med å forstå nytt stoff. Særleg i matematikk og statistikk var det ikkje så inspirerande å rekne mange oppgåver for å drille inn og generelt var repetisjon litt keisamt, meiner eg å hugse.
Det skal bli spanande å sjå om borna sin motivasjon vil halde seg på same høge nivå. Det er ikkje utenkjeleg at dette vil skje – dei har jo m.a. tanken på å prestere godt i ein tøff konkurransesituasjon som ei viktig inspirasjonskjelde. Dei blir stadig fortalt at utdanning og innsats  er naudsynt for å komme ut av fattigdom, som er livssituasjonen til rundt 90% av dei som bur i barneheimen. Det får dei merke når dei skal heim i feriane. Dei som ber om å få bli, får lov til det.     

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar