Besøka til Tanzania


I 2006 ønskte Bjørg seg pengar i 60-årspresang frå familie og vener, slik at ho kunne reise med Luster turlag for å gå til toppen av Kilimanjaro. (Det greidde ho med glans.) Eg, dvs Bjørn, valde å stå over og i staden besøke skular i området. Kollega Einar Hovlid formidla kontakt til bror sin, Lars Erling, som har vore prest i Tanzania i mange år. Lars Erling er god ven av Godbless, og slik vart vi kopla. Resultatet vart interessante skulebesøk i fire dagar og fleire besøk i heimen til Godbless og kona hans, Neema. Dei bur i Himo ved foten av Kilimanjaro. Vi vart godt kjende og utvikla eit venskap. Etter invitasjon kom dei på besøk til oss i Sogndal i 2009. Det var første turen deira utanfor Afrika.
Frå 2007 fekk eg oppgåver for stiftinga ILCT (sjå eige menypunkt) som held til Mbulu, ei dagsreise frå Himo. Oppgåvene gjer at eg reiser til Tanzania kvart år i januar og vitjar då både Mbulu og Himo. Opphaldet i januar/februar 2013 var på tre veker og det var tur nr. ni. Bjørg har vore der tre gonger. Mona, Thorbjørn og dei fire borna besøkte Tanzania, m.a. Himo, i juli 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar