onsdag 6. november 2013

Frøydis Nordbustad - 80 år og framleis aktiv!

Har du nokon gong tenkt tanken korleis det vil vere å bu i lag med folk som snakkar eit språk du ikkje skjønner eit einaste ord av? Frøydis opplevde dette i Iraqw-stammen i 1959 etter at ho kom som misjonær til Mbulu i Tanzania i 1958. Då var ho 25 år gamal og hadde lærarutdanning.

Iraqw-språket
Det er ca 1,5 mill menneske som snakkar Iraqw-språket. Som mange andre språk i Tanzania var det ikkje skrifteleggjort. Frøydis fekk eit svært godt forhold til folket og vart teke i mot med opne armar. Etter studium i språklære (lingvistikk) i England i 1963-64, tok ho til med å alfabetisere, utarbeide grammatikk og ordbok.  Etter kvart skreiv ho òg folkeminnebøker slik at folk hadde noko dei kunne lese. Biletet viser Frøydis i unge år.






Utfordringa var gedigen. Ho valde å avgrense seg til å nytte det engelske alfabetet og teikna apostroffar og skråstrekar. Språket er rekna som eit av dei mest kompliserte av dei 120 språka i Tanzania. Høyr berre her
a)      Det er fire ulike halslydar som ho måtte finne teikn for. Ho valde desse fire teikna
hh   /    ´   q
b)      Tonehøgd ved uttale avgjer meininga med ein del ord. Dette vert markert med apostroffar. (Det same fenomenet finn ein i kinesisk)
c)      Det er naudsynt å skilje mellom lange og korte vokalar. Det gjorde ho ved å nytte ein eller to e-ar, o-ar etc.
d)      Det vart behov for 39 konsonantar
I eit foredrag ho heldt nemner ho følgjande døme for å illustrere pkta b) og c). Sjå http://www.iraqw.org/index.php?id=174
    1) aama (bestemor)
    2) ama (ei lykkje på eit tau)
    3) amá (kvar? Korhen?)

Omsetting av bibelen
Det er eit enormt arbeid å omsetje bibelen. Frøydis kunne ha «juksa» og omsett frå norsk eller engelsk, men nei her skulle det gjerast med kvalitet, slik som alltid gjer i det ho driv med. Ho lærde seg soleis gresk ved Universitetet i Oslo i 1963-64 for å kunne arbeide med Det Nye Testamentet, som var ferdig omsett i 1975.
Etter det var ho for det meste heime i Årdal i 7-8 år fram til 1992, der ho arbeidde i Miljø-Service (i lag med Nora – sjå lenger ned) og ho var lærar på skulen i Fresvik i Vik kommune i Sogn.

I 1991 kom ein biskop på besøk og bad på sine kne om at ho kom attende og for å omsetje Det Gamle Testamentet. Ho sa ja, men først måtte ho lære seg hebraisk. Det skjedde i Tanzania og England i 1992. Då var ho 59 år gammal. Omsettingsarbeidet starta i 1992 og tok 10 år. Ei nemnd med representantar frå 14 ulike kristne kyrkjesamfunn skulle jamleg godkjenne alle framlegga hennar.

Den samla bibelen vart trykt og overrekt biskopen i 2004. Det var ei stor høgtidsstund for Iraqw-folket og sjølvkjensla auka mange hakk. Allverda fekk bevis for at det dei snakka var eit skikkeleg språk, sidan ein kunne skrive med vanlege bokstavar og teikn. Meir enn 6000 menneske møtte fram.
På biletet ser vi FRøydis helsar på statsministar Fredric Sumaye. 



  
Iraqw Language and Culture Trust    
Stiftinga ILCT vart skipa i 2005. Heimesida har denne adressa http://www.iraqw.org/index.php?id=9
I 2007 vart søsterstiftinga ILCT Tanzania Branch etablert. (Underteikna er sekretær for arbeidsutvalet, som har eit årleg planleggingsmøte i januar). Nora Klungseth har vore ein særdeles viktig støttespelar for Frøydis frå 1970. Ho er styreleiar i begge stiftingane og har vore sentral når det gjeld m.a. organisering og økonomi. På biletet ser vi Nora til venstre og Frøydis til høgre


  
Innsatsen i ILCT gjeld folk frå iraqw-stammen og det er særleg to innsatsområde

Opplæring av analfabetar. Det er stort fråfall i skulen, særleg fordi undervisninga i alle fag skjer på swahili, noko som elevane i mange tilfelle forstår lite av. Det same gjeld foreldra. Eit sentralt pedagogisk prinsipp i opplæringa av analfabetane er at dei skal knekke lesekoden på morsmålet før dei går over til å lære å lese og skrive swahili. Kurset er på 9 mnd og deltakarane er frå 13/14  til 80 år. Ca 70 % fullfører og det er svært bra for denne type opplæring i Tanzania.

Opplæring av folk som ikkje er analfabetar. Deltakarane her kan lese og skrive swahili, men dei treng 2-3 dagar for å lære og lese iraqw, jf det som er sagt om kjenneteikn ved språket ovanfor.

Lærarane oppsøkjer landsbyane som ligg i eit stort geografisk område rundt Mbulu by. Det trengst mange lærarar til all denne undervisningsaktiviteten. Frøydis har organisert ei 2-årig lærarutdanning for desse og fleire kull er blitt uteksaminerte. Undervisninga held høg kvalitet. M.a. vert det teke videoopptak av studentane og prestasjonane blir diskutert og kommentert av medstudentane. Det kan tenkast at noko slikt òg finst i norsk lærarutdanning, men det er neppe vanleg.

For nokre år sidan var NRK Sogn og Fjordane med på turen og laga ein 2 ½ minutt lang reportasje som det er lenke til nedanfor, henta frå heimesida til ILCT. Vi ser m.a. at det er fleire 80-åringar blant deltakarane. I Afrika er det viktig å få med seg dei eldste, både for deira eigen del og ikkje minst for at dei kan motivere dei yngre til å lære seg å les og skrive. Mange av dei eldre seier at dette har eg sett fram til heile livet.


Frøydis vart fødd i Øre på Nordmøre, og er oppvaksen I Tysnes i Sunnhordland. Ho fekk  St. Olavsmedaljen i 2005. Ho er for det meste i Afrika og Nora er for det meste i Årdal, men drar på eigen kostnad til Tanzania ca fire gonger kvart år.

Frøydis sin 80-årsdag skal feirast 30. november på hotell Terminus i Bergen. Det kjem òg afrikanske gjestar. Vi gler oss, Bjørg og eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar