onsdag 15. januar 2014

Hår og Pippi

Det har blitt nokre overraskingar i samveret med barna i barneheimen. Her kjem to døme.  Første gong eg var der hadde sett meg ned for å prate med eit par av dei. Då kom det ein heil skokk, minst 20, og alle ville nærast mogleg. Eg tykkjer det er kjekt å stryke ungar over håret, både heime og andre stader. Håret til afrikanarar er jo heilt annleis – mykje striare og nokså uvant. Så eg tok på hovudet til nokre av dei. Det inspirerte fleire til å ta på mitt hår, som det har blitt mykje mindre av etter kvart – ikkje serleg spanande skulle ein tru. Men det stoppa ikkje der, dei var òg interesserte i huda og blodårene på hender og underarmar og dei ørsmå håra på hendene. Så eg vart nøye utforska.

Seinare har fleire kjende  fortalt om tilsvarande opplevingar.  Biletet viser at barnebarn  Victoria opplevde det same sommaren 2012.





Ei anna oppleving er noko som skjedde i januar 2013.  Eit par av barna spurte om eg kunne lese noko frå ei av bøkene vi hadde hatt med året før. Eg tenkte at Pippi sikkert ville more barn i alle land, også her. Det er mogleg at det hadde vore meir vellukka om eg hadde valt ei anna historie, men det eg las var i alle fall ein solid skivebom.

Mange hugsar sikkert historia då Pippi får besøk av to politibetjentar som skal syte for at ho begynner på skulen - det hadde ho synt lite interesse for. Pippi stiller seg heilt uforståande til dette. Ho vil ikkje på skulen for å pugge plutifikasjonstabellen, som vel var ordet ho brukte. Og så tulla ho med politifolka, m.a. ved å fjerne stegen slik at dei ikkje kom seg ned frå taket.

Ingen av borna smilte ein einaste gong. Dette har eg tenkt på mange gonger seinare. Det er klart at det er heilt framand for dei å tulle med politiet. Her har dei sikkert høyrt historier om korrupte politifolk som det er farleg å leggje seg ut med. (Folk har fortalt meg at det er mykje korrupsjon i politiet, sjølv har eg ikkje opplevd det.)

Dessutan var det tydeleg at dei ikkje forstod det underhaldande i å snakke nedsetjande om skulen. Å takke nei til eit tilbod om skulegong er heilt framand for dei. Dei prisar seg lukkelege for at dei har fått sjansen og når eg spør om dei skal vidare på ungdomsskulen, så svarar dei «if God wants». Skulegong er deira fremste ønskje.  


Elles nærmar det seg tur nr 10 til Tanzania. Avreisa er frå Bergen tidleg den 30. januar med retur til Bergen 20. februar. Denne gongen skal eg ha med rundt 100 kosedyr - blaute, relativt små og vaskbare. Barna ved Solvorn barnehage og skule har samla inn dei aller fleste. Det er plass til dette i ein av dei to koffertane dersom eg pakkar dei i fire plastsekkar og syg lufta ut av dei med støvsugar. Storleiken blir då redusert med nærare 50%. Dette må pakkast kvelden før og denne kofferten kan ikkje opnast før utpakking fordi lufta sig sakte inn att slik at dei vil utvide seg kraftig. Håpar kofferten ikkje eksploderer undervegs.          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar