torsdag 12. desember 2013

Bursdagsfeiring i barneheimen

Gracious, eldste dotter til Neema og Godbless, feira 11 års dag då eg var på besøk i februar 2013. Dette var ei interessant oppleving. Med mange små og ein del vaksne, var det over 100 gjester.

På bildet kan de sjå at dei minste borna sat i trappa til huset. Dei som var større sat på stolar som vart tekne ut frå matsalen. Dei eldste sat bakarst. Alle gledde seg og det vart høg og god stemning.

 


Hovudfeiringa var å ete popcorn – alle fekk ein tallerken. Popcornet vart rista i store panner i kjøkenet der maten vert laga. Det small godt då dei eksploderte.



Og så fekk dei ei kake på deling. Den var ca 20 cm i diameter og 6-7 cm tjukk. Eg var med då kaka vart innkjøpt og trudde det var ein spøk at ho skulle serverast til alle, jf at vi i ulike samanhengar opplever at det nærmar seg ½ kake per person. Men joda – kaka vart oppdelt i fingertjukke skiver som så vart delte på langs slik at kvart stykke var tjukt som 2 blyantar og om lag 6-7 cm langt. Alle fekk eit stykke og var vel fornøgde.

Det var forventa at eg skulle gje Gracious ein presang. Det er problematisk når det er så mange andre born som har eit sterkt ønskje om å få ei gåve. Løysinga på dilemmaet vart å gje ho fem store  pakkar med sukkertøy slik at ho kunne dele ut to til kvar. Ho hadde kanskje helst sett at ho fekk ein skikkeleg ting berre til seg sjølv, men på den andre sida var det vel stas å kunne gle alle dei andre.

Men eg hadde med andre presangar, til alle, som gjorde stor lykke. Det var Anne Lise som hadde sendt med meg slike hardt samanrulla klutar som opnar seg og sveller ut når dei vert lagde i vatn. Borna kom fram til vassfatet i grupper på 10 og gjorde store auge då dei etter kvart skjønte at det var klutar det dreia seg om. Biletet syner mange blide fjes.



Hausten 2012 hadde eg sendt eit brev med bilete til borna, oppkopiert slik at dei fekk kvart sitt eksemplar. Då brevet kom hadde Godbless samla alle borna og lete dei eldste lese kvart sitt avsnitt. Så hadde han opna for spørsmål og diskusjon. Dei hadde brukt over to timar på å komme igjennom dei to sidene.

To av temaene var midtnattssol og lakseoppdrett. Eg fekk brev med julehelsing frå alle borna og to av dei ba meg forklare kvifor det er midnattssol nokre stader (Godbless fortalte at ein av dei minste meinte Gud kanskje hadde gløymt å gje sol til alle delar av kloden). Eit anna spørsmål var korleis det var mogleg å ha plass til 120 000 laks i ei oppdrettsnot. Eg hadde med bilete som synte laks som går tett i ei not, som svar på det siste spørsmålet.

Biletet viser at vi hadde rigge oss til med ein globus som syner at den nordlege/sørlege delen av kloden får/ikkje får sol sommar/vinter pga at jorda heller, 23 grader, i forhold til banen rundt sola. Biletet nedanfor er teke då det var lyst. Då det vart kveld, demonstrerte vi ved å la ein lommelykt vere sola som lyste mot globusen. Då kunne ein sjå kvar det var skugge heile døgnet visse tider på året.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar