fredag 13. september 2013

Vatn

Heimen til Neema og Godbless ligg like ved ei elv med ganske reint vatn,  som kjem frå Kilimanjaro-fjellet. Det er rikeleg med vatn det meste av året, men det blir langt mindre når det har vore tørkeperiode. Eg vil tippe på at maks mengde vatn er om lag som når Sogndalselva er lita.

Når det er flaum, er vatnet nokså brunt av jord, men venteleg ikkje sterkt forureina på andre måtar.  Då eg besøkte dei første gong, i 2006, kom alt vatnet dei brukte frå denne elva. Høgdeskilnaden mellom huset og elva er rundt 20 m så det er ein strevsam jobb sj
ølv for unge spreke karar å bere vatnet opp i 20 l bøtter.

I dag nyttar dei ei pumpe og fyller ein stor kum i tunet. Kummen rommar 15 000 l. (pumpa tek dei  inn kvar kveld slik at ho ikkje skal bli stolen).

Det meste av vatnet som vert nytta til klevask, oppvask, toalett og kroppsvask blir teken opp med ein stong i 10 l bøtter frå denne kummen. Klevasken som dei vaksne damene og borna står for (dei vaskar eiga skuleuniform kvar dag) skjer like ved dammen, så dei slepp å bere dette vatnet langt. Men vatnet som borna nyttar til kroppsvask og toalett må berast 50 m. Dei vaksne kvinnene går mange turar med 20 l i bøtte på hovudet, sjå bilete av Emmy. I alt ber dei ca 300 l to gonger i døgnet. Det gjev 3 – 4 l til kvart born når dei vaskar seg. Vatnet dei vaskar seg i er litt oppvarma. Det dei brukar om morgonen er tilsett noko heitt vatn, det dei nyttar etter skuletid har stått i sola heile dagen og fått god temperatur.


Emmy bærer vatn
 Ein godt synleg bruk av vatn er når borna vaskar seg på hendene før kvart måltid (Det gjer dei og på skulen). Då står dei tolmodige i kø nokre minuttar, men det går relativt kvikt for vatnet renn heile tida og ein vaksen ser etter at kvar einskild ikkje brukar for lang tid og at nestemann er kvikk med å stikke fram hendene.

Toalettløysinga som vert nytta, der ein hukar seg ned over eit hol i golvet, krev at ein har vatn til å skylje ned med. Det blir mykje vatn som skal berast rundt til dei rundt 90 borna sine toalett (3 til kvart kjønn) og til dei som dei vaksne brukar. Vassmengda blir likevel berre ein brøkdel av det som ville gått med om ein hadde hatt vassklosett. Utan eit offentleg leidningsnett er det vanskeleg å sjå for seg både korleis dei kunne få nok vatn til vassklosett og ikkje minst korleis dei kunne lage eit opplegg for vatnet ut frå klosetta, frå meir enn 100 personar.
I 2010 skjedde det ei lita  revolusjon på vassfronten, som gjorde livet vesentleg enklare. Det vart lagt inn trykkvatn til ein skule like ved og Godbless fekk forhandla seg fram til ei forlenging av leidningen til eige tun. På dette viset får dei alt vatn til matlaging og drikke. Vatnet kjem frå eit oppkomme i foten av Kilimanjaro og er reint. Det betyr at dei slepp å koke vatn slik dei måtte gjere i stor skala før 2010. Pga av at oppkoma har avgrensa kapasitet, er det grenser for kor mykje dei kan tappe. (Kanskje det er brevatn som smeltar. Ein reknar at heile breen på Kilimanjaro vil ha smelta om 10 – 20 år.)  

 
Ein litt artig ting er at dei lagar all såpe som vert nytta sjølve. Såpa vert laga i flytande form av dertil eigna kjemiske stoff som dei kjøper i store mengder. På den måten skaffar dei seg såpe til ein brøkdel av prisen i butikk. Godbless hadde høyrt om ein kar i Kenya som kunne slikt og fekk han til å komme ei veke slik at dei kunne få ei grundig innføring.

Det kunne vere interessant å vete kor mykje vatn det går med per dag og samanlikne med vassmenga ein familie i Noreg brukar i gjennomsnitt. Dette kan eg finne ut når eg reiser ned på nyåret.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar