lørdag 18. mai 2013

Vekemeny i barneheimen

Dei aller fleste borna kjem frå fattige heimar, der det er vanleg å råd til berre eitt måltid per dag, og då nestan alltid maisgraut. Skilnaden er stor til barneheimen der det er sett opp ein gjennomtenkt vekemeny slik at borna skal få nok kaloriar, proteinar, vitaminar, mineralar etc i løpet av veka. Mais er hovudkjelda for kaloriane. Dei får kokt mais frå måndag til fredag til middag på kveldstid. To av dagane er det bønner i tillegg, som er ei viktig proteinkjelde.


Laurdag og sundag får dei ris i staden for mais. Dei likar ris best, men risen er om lag dobbelt så dyr, så det kan dei ikkje få så ofte. Tidlegare fekk dei tre gonger i veka eit par skeier med opphakka kjøt. Hausten 2012 vart dette redusert til to skeier av kostnadsmessige grunnar - matbudsjettet sprakk då prisen på mais auka frå 2 kr per kilo til 3,50. Heime går det med 100 kg mais i veka. I tillegg til borna, er det 17 vaksne, som og skal ha mat. I tillegg kjem handverkarar og besøkande.
Første servering om morgonen er mellom 0600 og 0630. Då får dei til vanleg ein kopp med te der halvdelen er mjølk. Ved besøket i januar fekk dei berre te av di dei tre kyrne var med kalv. Godbless rekna med at dei ikkje ville få mjølk på ca 2 månader. Dei sakna mjølka. Til teen får dei noko lite å bite i, bakeverk stekt i smult, som smakar godt. Til vanleg er eg med på denne første frukosten.

På skulen får dei graut kl 1100. Grauten er flytande og blir servert i kopp slik at dei kan drikke han. Det er fire komponentar, tre kornslag der mais er ein av dei, og finhakka nøtter.  På skulen får dei eit glas vatn på slutten av dagen. Det høyrest kanskje ut som ein bagatell, men er langt frå det. Vatnet skal kokast til dei tre hundre elevane og alle koppane, dei same som dei hadde grauten i, skal vaskast opp for hand i plastbaljar.
Når dei kjem heim med skulebussen, i puljar mellom kl 1530 og 1630, får dei same type graut som på skulen. Siste måltid er middagen om kvelden. Til vanleg kan dei få påfyll av mat, så det verkar som dei for det meste et seg mette.
Dei får eit egg anna kvar veke. Neema har lenge ønskt seg høner, så i framtida blir det nok meire egg. Av og til får dei ei skive loff, utan smør eller pålegg. Det er svært populært, men for dyrt til å servere ofte. Dei får og noko frukt og grønsaker, sjå biletet. 


Neema har vor på torget og handla frukt og grønnsaker. Det er dårleg med lagringsplass, så ho har lagt det på stovegolvet. De får vannmelon, appelsin, banan og annas flere ganger i uken. De får dessuten agurk, spinat og kål.

Dette er huset der borna et, gjer lekser og har samlingsstundar.

Dette biletet er frå januar 2011, før spisehuset var ferdigbygt. Fram til oktober 2012 sat dei ute under halvtak for å ete og gjere lekser. Til vanleg er det heilt greit, men neppe i dei to regnperiodane då tempetarturen ofte kjem under 15 gradar. Heimen ligg på 1200 – 1300 meter over havet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar