mandag 6. mai 2013

Vi er alle lærarar


Januar 2013 er det 17 personar som arbeider i heimen, medrekna Neema og Godbless. Oppgåvene går særleg ut på:
  • Laging og utdeling av maten. All matlaging skjer på open flamme i det nye kjøkenhuset
  • Oppvask.  Her hjelper borna til, men ikkje særleg mykje
  • Vask av tøy og sko. Borna vaskar i hovudsak skuleuniformane og sko. Dei store hjelper dei små. Dei tilsette vaskar m.a. sengetøy og –teppe (og det er ingen spøk i 20 l baljer)
  • Vask av golv i m.a. matsal, sovesalar og sanitærrom
  • Pumping av vatn frå elva til ein kum som tek 15 000 l. Pumpa må kvar dag berast ned dei 20 høgdemetrane til elva og berast opp att om kvelden – det er fare for at ho kan bli stolen. Dette vatnet blir brukt til vasking av kler og kroppsvask. I tillegg må ein tappe vatn frå ein spring, for oppvask og matlaging. Det er mykje arbeid med å bere vatnet i 20 l bøtter til staden der det skal nyttast.
  • Stryking av uniformene. Dette tek dagleg 4-5 timar og er oppgåva til Maselina. Jentene brukar foldeskjørt
  • Hogging av ved til matlaginga. Det er tjukke stammar og dårleg utstyr så dette er tungt arbeid
  • Stell av geiter og tre kyr, som kalva tidleg i mars. Pamfil steller dyra
  • Arbeid på utearealet, som er mange mål stort – planting av tre, rydding av buskas, flytting av masse/utjamning osb 
  • Kosting av gårdsplassen for lauv og rot. «Singelen» er knust lavastein. Det er skarpe små steinar som er vonde å gå på, sjølv for born, men det er effektivt – alt vaskevatn blir tømt i tunet og forsvinn raskt og i regntidene er dreneringa tilstrekkeleg god
  • Onkel- og tanteoppgåver. Seks kvinner og seks menn hjelper borna, særleg dei små med kroppsvask, påkleding, toalettbesøk om natta med meir. Dei ser og etter at dei større borna har vaska seg grundig nok, at kleda er i orden, at dei har greidd seg osb. Alle born veit kven dei skal gå til med eventuelle problem, mens kvar onkel/tante har ansvar for fleire. Halvparten av onklane og tantene er lærarar ved skulen og dei hjelper borna med skulearbeidet den timen på kveldstid som er sett av til det

Stort sett heile tida er det innleigde handverkarar i sving, m.a. med å byggje hus og grave 4-5 meter djupe hol for kloakk.

Så langt har ikkje dette hatt så mykje å gjere med overskrifta – «Vi er alle lærarar». Poenget var å få fram at oppgåvene er mangfaldige, at det er både kvinner og menn og at alle har fleire typar oppgåver. Godbless fortel at han og Neema jamleg tek opp med dei 15 tilsette at dei alle fungerer som rollemodellar for borna. Små born bruker auge og øyre og lærer av vaksne i alt dei føretek seg og i måten dei oppfører seg på. Derfor skal alle vere positive og blide og hjelpsame med borna. «Bad language» er strengt forbode. Alle er der for ungane sin del og denne delen av oppgåva deira er viktigare enn at dei er effektive i matlaging, vasking og anna dei har ansvar for. Vi 17 vaksne utgjør eit lite samfunn (community var ordet han nytta) saman med borna.

Tilsette februar 2013, ved inngangsporten. Bak frå venstre: Godbless, mama Hindu, Fatuma, Maselina, Pamfil (ansvar for kyr og geiter), mama Toni, mama Mary (sjefskokke). Framme frå venstre: Neema (ikkje kona til Godbless), Emmy (sjef for hushaldet), Happiness, Esther. Fem var ikkje til stades. Dei var ikkje komne heim frå skulen der dei òg har oppgåver, nokre av dei som lærarar. (Når det står mama Mary betyr det at eldste dotter heiter Mary. Sjølv heiter ho Witness. Alle er konsekvente på denne namnbruken.) 

 

Emmy er ei av dei som ber vatn i 20 l bytter nærare 100 m til der borna vaskar seg. Det er tungt og vanskeleg å løfte ei slik bytte opp på hovudet utan ein blir våt.


Sjefskokke mamma Mary rører i grytene. Legg merke til at øvste halvdelen av veggen er netting. Då kjem røyken ut og fuglane og andre dyr kjem ikkje inn.


Her ser vi tre snikkarar i arbeid med det nye spisehuset, som er på 120 m2 og kosta kr. 55 000,-.           


Gutane må og vaske opp, men det er mest fordi dei skal lære korleis det skal gjerast.

 

Laurdag og skovask der Fatuma organiserer

 

Lagt inn av Bjørn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar