søndag 9. juni 2013

Not genuin


På siste turen lærde eg eit nytt uttrykk,  eller rettare kva meininga var med dette uttrykket. Når Godbless og andre seier Not genuin, så tyder det at produktet er frå Kina, dvs ikkje frå England eller Tyskland, der det genuine kjem frå. Not genuin-produkta er billigare, men har låg kvalitet.

Dei siste åra har butikkane fått stadig meir kinesiske varer. Når ein kjem ein gong per år, er  utviklinga svært tydeleg. At kvaliteten er låg, vart demonstrert då vi kjøpte eit spett. Det bøygde seg. Eg trur mange personar måtte ha teke godt i for å bøye mitt norske spett.

Den høgste draumen til mange unge gutar er å få ein motorsykkel. Ein kinesisk kostar 3-4000 norske kroner. Det er svært mykje pengar for folk som i mange tilfelle er utan fast jobb. Ein kvalitetssykkel som kostar mange gonger så mykje er utelukka.

Kvaliteten er såleis svært låg, reperasjonane begynner tidleg og aukar kraftig etter ca 2 år. Men dei mekkar og skrur og held doningane gåande ganske lenge.
Biletet er frå ein verkstad med tre tilsette. Eigaren og begge dei to andre er døvstumme. Det er ikkje til hinder for god kommunikasjon med kundane. Det var kjekt og interessant og observere og at alle brukar fingre og armar og kroppsspråk elles med stor entusiasme og humør. Ein gong Godbless og eg var innom peikte eigaren først på meg, så gjorde han korsets tegn på brystet og så peikte han på Godbless, som etterpå forklarte at han hadde spurt om eg og var prest slik som Godbless er. Kreativ og forståeleg kommunikasjon på tvers av språkgrenser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar