lørdag 17. mai 2014

Ballspel er moro

Fredag er det fysisk aktivitet. Då kjem borna med lette sko og i uniformer som høver for aktivitet. (Kulturen tilseier at jentene ikkje skal syne knea. Dei har difor eit litt langt skjørt, men dei har bukser under skjørtet).

Den fredagen eg var på skulen hadde dei ikkje hatt ein fotball på to veker og sakna det sårt. Jentene hadde heller ikkje hatt ein ball til sitt korgballspel, som skjer attmed fotballbana.

Videoane syner at dei har eit brukbart areal å drive ballspel på, men det vert jo problematisk når alle elevar frå  4. til 7. klasse skal drive på samstundes. Dei burde dele dagane mellom klassane.

Fotballkampen var ei interessant oppleving – gutar og jenter om kvarandre og nokre med sekk på ryggen. Formasjonen til dei to laga og strategiane deira såg ut til å vere nokså like – alle spring etter ballen. Det er sikkert ganske effektivt når kondisjonen er god nok.

Elles ser det til å vere nokre med talent her, særleg ein kar som får med seg ballen i trengde situasjonar med motspelarar på alle kantar.






torsdag 10. april 2014

Særleg om dei fattige på barneheimen


Ein far banka på døra ei veke før eg kom til Tanzania i februar 2014. Han hadde med seg tre  små born, der to var tvillingar. Dei bur i nabolaget. Mor hadde døydd nokre veker tidlegare og no var han heilt fortvila. Uavhengig av kvarandre sa både Neema og Godbless at han græt. Han har ikkje slektningar som kan ta seg av dei. Så spørsmålet var om borna kunne få bu i barneheimen og gå på skulen. Med den lønna han no har kan han betale noko, men ikkje fullt ut, fekk dei høyre.

Dette er eit av fleire døme på spørsmål dei ofte får om å ta seg av born som har det vanskeleg.  

torsdag 20. mars 2014

Slik er det dei vaksne og dei meir enn hundre borna bur

Denne 2 min videoen syner barneheimen og heimen til Godbless og Neema. Medrekna seks lærarar er det rundt 15 vaksne som bur her. Nokre søv i lag med borna, nokre i hovudhuset til Godbless og Neema, nokre i huset attmed bilane og resten i huset som er bygd til mor til Godbless.

Det nye sovehuset til gutane er på 104 m2 og er dimensjonert for 80 gutar med to i kvar seng, men dersom dei er små kan det vere meir enn to i sengane. I samband med denne utbygginga vart det og bygd nye toalett og vaskerom så samla kapasitet på dette for gutar og jenter har auka ganske mykje.

Bygget vart teke i bruk sist sundag og det var stor innviingsfest der assisterande biskop var heidersgjest. Alle gjestene var imponert over standarden og at det er blitt bygd mange hus, mykje pga norske pengar.

onsdag 12. mars 2014

Løner, utgifter og skulepeng




Det er vanskeleg å samanlikne lønnsnivået i Tanzania med løner i Norge. Eit mindretal har fast  jobb og løn. Dei fleste forsøker å få noko inntekt på ymse vis – korttidsoppdrag, sal av jordbruksprodukt på torget/i vegkanten/til naboar, anna type sal (to døme eg høyrde var sal av plastposar til torghandlarane og ambulerande sal av brukte sko frå Europa). Svært mange familiar har 200-300 m2 dyrkbar jord der mange dyrkar mais og/eller bøner. Dette fungerer som ei form for minsteløn og er viktig for å overleve. Ordninga er resultatet av ein politikk som vart innført tidleg på 60-talet då Nyerere vart president etter at England (og Tyskland før dei) hadde hatt kolonimakta, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Julius_Nyerere

På vegen heim frå Flesland den 20. februar, såg eg eit slikt reklameskilt som vist nedanfor, utanfor ein butikk. Prisen tilsvarar rundt 3 promille av ein god norsk månadsløn. Fire bollar i Tanzania kostar venteleg rundt 500 shilling eller to kroner. Ein godt betalt lærar får utbetalt rundt  300 000,- shilling (rundt 1 100,- kr) i månaden. 500 shilling (2 kr) utgjer då  1,7 promille. Kr. 1 100,- pr månad i Tanzania utgjer 5% av kr 22 000-,, som er eit døme på norsk månadsløn. Handverkarar tener rundt 15-20 kr per dag.

Bensin kostar rundt 7 kr pr liter, dvs om lag halvparten av vår pris. Då blir bilhald ikkje mogleg for dei fleste. På den andre sida: mange har hjelp i huset. I ein del tilfelle skjer det med berre seng og kost som betaling. Sjølv om samanlikning er vanskeleg er konklusjonen likevel klar – vi er på ein annan klode materielt sett.  
 

4 bollar – 75 kr

(Dyraste bollane eg har høyrt om. Skulle tru at det vil skremme og ikkje lokke folk inn i butikken)                

mandag 3. mars 2014

Dei største overraskingane



Det var fleire store overraskingar som venta då eg kom til Tanzania 30. januar i år. I dette innlegget skal eg skrive om korleis skulearbeidet heime var blitt trappa mykje opp i høve tidlegare år.

Den aller største overraskinga var likevel at Neema hadde født eit gutebarn berre fem veker tidlegare. Neema hadde meint at dei skulle fortelje meg dette før eg kom, men Godbless hadde lyst til at det skulle vere ei overrasking, og det vart det! Tidlegare har dei fortalt om graviditet ganske tidleg. Han skal heite Markwell. Med det har dei fire born – Gracious, Precious, Eliah og Markwell. Neema har tre månader permisjon frå rektorjobben (men ho hadde dagleg fleire langs samtalar med Lillian, vikaren.)

 


tirsdag 25. februar 2014

Kosedyr frå Solvorn og Hafslo


Dette blir første blogginnlegget etter turen eg hadde  i januar/februar 2014. Medrekna reisedagane gjekk det tre veker. Turen gjekk svært bra, eg vart til og med kvitt forkjølinga eg hadde fått på vegen ned – det var kaldt og trekkfullt på flyet frå Amsterdam til Kilimanjaro flyplass, ein tur som tek 8 ½ t.

Inntrykka er mange og til dels sterke. I barneheimen og på  skulen hadde eg mange positive og tankevekkande opplevingar. Bilete og videosnuttar er lagra i kameraet og ei heil lita bok er full av daglege notat om det som vart sagt og refleksjonar eg fekk. Det blir difor ein god del blogginnlegg framover.

Første innlegget blir om dei vel 100 kosedyra (stuffed animals på engelsk) som var gjevne av born i Solvorn barnehage og skule og frå ein klasse på Hafslo skule. Det var nok til alle.

 

onsdag 15. januar 2014

Hår og Pippi

Det har blitt nokre overraskingar i samveret med barna i barneheimen. Her kjem to døme.  Første gong eg var der hadde sett meg ned for å prate med eit par av dei. Då kom det ein heil skokk, minst 20, og alle ville nærast mogleg. Eg tykkjer det er kjekt å stryke ungar over håret, både heime og andre stader. Håret til afrikanarar er jo heilt annleis – mykje striare og nokså uvant. Så eg tok på hovudet til nokre av dei. Det inspirerte fleire til å ta på mitt hår, som det har blitt mykje mindre av etter kvart – ikkje serleg spanande skulle ein tru. Men det stoppa ikkje der, dei var òg interesserte i huda og blodårene på hender og underarmar og dei ørsmå håra på hendene. Så eg vart nøye utforska.

Seinare har fleire kjende  fortalt om tilsvarande opplevingar.  Biletet viser at barnebarn  Victoria opplevde det same sommaren 2012.


torsdag 12. desember 2013

Bursdagsfeiring i barneheimen

Gracious, eldste dotter til Neema og Godbless, feira 11 års dag då eg var på besøk i februar 2013. Dette var ei interessant oppleving. Med mange små og ein del vaksne, var det over 100 gjester.

På bildet kan de sjå at dei minste borna sat i trappa til huset. Dei som var større sat på stolar som vart tekne ut frå matsalen. Dei eldste sat bakarst. Alle gledde seg og det vart høg og god stemning.

 

onsdag 6. november 2013

Frøydis Nordbustad - 80 år og framleis aktiv!

Har du nokon gong tenkt tanken korleis det vil vere å bu i lag med folk som snakkar eit språk du ikkje skjønner eit einaste ord av? Frøydis opplevde dette i Iraqw-stammen i 1959 etter at ho kom som misjonær til Mbulu i Tanzania i 1958. Då var ho 25 år gamal og hadde lærarutdanning.

Iraqw-språket
Det er ca 1,5 mill menneske som snakkar Iraqw-språket. Som mange andre språk i Tanzania var det ikkje skrifteleggjort. Frøydis fekk eit svært godt forhold til folket og vart teke i mot med opne armar. Etter studium i språklære (lingvistikk) i England i 1963-64, tok ho til med å alfabetisere, utarbeide grammatikk og ordbok.  Etter kvart skreiv ho òg folkeminnebøker slik at folk hadde noko dei kunne lese. Biletet viser Frøydis i unge år.