Det var matematikk for 7.klasse eg følgde mest, særleg på kveldane heime. Læraren heitte Joseph og var ein tolmodig og dyktig pedagog. Alle timane eg følgde gjaldt drill i rekning på dette nivået – forkorte brøkar, finne x, øve seg på parentesar osb. Oppgåvene hadde minimalt med tekst, dvs det var i hovudsak naken rekning og matematikk.
Det var i
stor grad slik matematikk var lagt opp også då eg gjekk på skulen, t.o.m. på
gymnaset. Dette tilsvarar også første del av matematikkeksamen i 10. klasse i
norsk skule i dag. I 2. del har oppgåvene mykje tekst og matematikklærarar
fortel at det er den språklege utfordringa som skapar mest problem for elevane.
Dei får i gjennomsnitt lægre karakter i matematikk enn i dei andre skriftlege
faga.
Men med
all denne drillinga blir nok desse afrikanske elevane flinkare enn dei fleste
norske elevar til sjølve reknehandverket.
Dei heldt
på med dette til kl 2200 kvar kveld. Då gjekk direkte til sengs og blei vekte
kl 0500 etter sju timar med søvn.