fredag 18. oktober 2013

Hausttakkegudsteneste


Nyleg var eg invitert til gudstenesta i Leikanger kyrkje for å fortelje om det arbeidet som Neema og Godbless utfører med barneheim og skule. Det var hausttakke-gudsteneste og 4-åringane fekk kyrkjeboka si, så innhaldet var prega av dette – ei god stund for borna og oss andre. Pengane som kom inn skulle gå til Tanzania – folk på Leikanger er gåvmilde!

Det er mykje kollekt i kyrkjene i Tanzania, rekorden så langt for min del er seks kollektar, tre av dei gjaldt servering av kaker og te til prestar som skulle komme på besøk. Dei to første gongene kom det inn for lite. Og så er det ofte auksjon, særleg når det er hausttakke-gudsteneste. Mange er fattige og har lite kontantar, men nokre jordbruksprodukt har dei fleste – fem egg, litt mais, ei høne (ein gong fekk eg tilslaget), ei geit (som eg heldigvis ikkje fekk tilslaget på) eller bananar som de ser Emmy ber heim på hovudet – ei tung bør i 20 minutt!






Frå ein auksjon på kyrkjebakken etter gudstenesta . Dette er geita som eg heldigvis ikkje fekk tilslaget på.




Til vanleg går til kyrkje på sundagane når eg er i Tanzania, slik svært mange gjer.  Det er som regel ei stor oppleving - i dei store kyrkjene er det fleire kor som syng, kyrkjelyden syng fleirstemt og kraftfullt, folk pyntar seg, presten snakkar med stort engasjement og mykje kroppsspråk osb. Besøkande blir presentert og då blir eg ofte oppmoda om å synge, helst ein song med folketone. Folketone finn klangbotn overalt i verda, verkar det som.

Det som elles slår ein nordmann er kor stor skilnaden er på kyrkjene. Rett nok har vi òg små kyrkjer som i Undredal og store som i Trondheim, men på mange måtar er dei fleste av våre kyrkjer forholdsvis like både innvendig og utvendig, og slik har det vore i snart 1000 år.

Variasjonen er mykje større i Tanzania. Bildet nedanfor syner ei lita lokal kyrkje, med benkar på jordgolv og med vegger og tak av  enklaste sort. Utsmykkinga heng ned frå taket . Denne kyrkja står i nærleiken av Mbulu, sjå menypunktet ILCT i bloggen.




Kontrasten er stor til den katolske kyrkja nedanfor. Denne kyrkja er visst den tredje største i Afrika og også denne kyrkja står i Mbulu.



Godbless er prest og ein svært populær ein. Då biskopen flytta han til eit anna prestegjeld for fire år sidan, var det store delar av kyrkjelyden som ikkje møtte til gudsteneste i nærare eit år.

Talet på born er stort og mange skal døypast. Det skjer midt i veka, ofte på tysdagar. Ein gong nemnde han 40 born, ein annan gong vart det tomt for vatn i døypefonten.

I både noverande og førre kyrkjelyd er det to preiker – ei kl 0700 og ei kl 1000. Den noverande kyrkje er stor og rommar minst 500 personar. Til vanleg er det nokså fullt i begge gudstenestene. Alle går til nattverd.
I den noverande kyrkja er ungdomane samla i grupper utanfor, gjerne i skuggen under eit stort tre. Dei har si eiga stund under leiing av ein sokalla evangelist.


Det er mykje bøn i kyrkjene og det er nok ein viktig grunn til at folk møter fram – kvardagen og livsvilkåra gjer at mange føler eit stort behov for å be. I den samanheng tenker eg ofte på noko Godbless sa då han var på besøk her i 2007 (med norsk reisestøtte): «Eg skjønar godt kvifor folk i Noreg ikkje ber så mykje. De er jo allereie i paradis.» Og då han såg alt vatnet som rann ned fjellsidene ein regnversdag i Sogn, sa han» You are a blessed country».

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar