mandag 30. september 2013

På skulen

Det har blitt besøk på skulen kvar gong eg har vore hjå Neema og Godbless, etter 2009. Ein del ting er nokså enkelt å fange opp, andre ting krev meir tid, t.d. korleis livet er i klasserommet.
Organiseringa av skuledagen er slik:

Før skulen tek til er det ½ t. der elevane er oppstilte ute. Dei står under dei store trea som har greiner med mykje blad slik at dei gjev skugge. Denne stunda syng dei og beveger seg til rytmane og dei får høyre formaningstalar om at dei må arbeide hardt og at dei må følgje skulen sitt regelverk.

Regelverket er i 14 punkt og presiserer alt som ikkje er lov -  stele, sloss, ha med skarpe gjenstandar, ha med pengar, ha med mat – dei får maten dei treng på skulen -, ha med mobiltelefonar osb. Dei skal vere presise, respektere lærarane, halde klasseromma reine osb. Dei pliktar å ha på skulen si uniform og på skulen skal dei berre snakke engelsk (dei har engelsk som undervisningsspråk ved denne skulen).

Alle høyrer etter i samlingsstunda om morgonen og det er ikkje småprating. På signal marsjerer dei på rekke inn i klasseromma medan dei syng ein song, av full hals, sjå bilete.




Dagen er delt i fire økter, alle på 1 ½ time. Etter første økt år det 15 min pause og graut, etter 2. økta er det ½ t lunsj, ofte med ugali (maisgrøt). Etter 3. økta er det ein kopp vatn. (Tru ikkje at det er ein bagatell, m.a. blir det då 300 koppar som skal vaskast opp for hand, sjå bilete)





I utdanninga si får lærarane undervisningskompetanse i alle fag og underviser i 2-3 fag, etter kva dei er mest interesserte i. Dei er organiserte i team etter nivå – førskulen, 1. klasse, 2. og 3. klasse, osb. Til saman er det 12 lærarar. Rektor Neema har to undervisningstimar kvar dag.
I førskulen skal dei m.a. lære å lese og rekne. Dei er frå 3 til 6 år og er delte i to grupper med to årskull i kvar gruppe. I mangel av klasserom har dei fått sett opp eit telt (utan veggar) i hagen slik at dei minste kan sitje der det meste av tida. Dei minste søv midt på dagen, sjå bilete.



Dei gongene eg har vore i klasseromma, har elevane vore 100% konsentrerte og mest alle rekk opp handa når læraren spør, og det skjer ofte. Det ser ut som om det pedagogiske opplegget er mykje basert på ei slik form for samtale mellom lærar og elevane. Dette heng sikkert og saman med klassetrinn og fag og eg skal forsøke å finne litt meir ut av det etter kvart. Kanskje vil eg seinare sjå meir døme på den doserande læraren. Som ved svært mange skular finst det berre 2 – 3 lærebøker per klasse i kvart fag. Det gjer det venteleg naudsynt at læraren først må forklare, for at det skal vere mogleg for elevane å svare på spørsmåla.



Alle klasseromma er lenka saman i rekke og rommar 40 elevar kvar. (Ved starten i 2009 hadde dei elevar berre opp til 4. klasse). Dei har bygt tre klasserom nye etter det, men har heile tida hatt for lite rom, m.a. blir lærarrommet brukt til undervisning. Biletet nedanfor syner murarane + underteikna, som jobbar med eit nytt bygg. Veggane er laga av tilhogd lavastein. Det fungerer om lag som våre leca-blokkar, men steinane er ikkje like jamstore og ikkje like rektangulære som leca. I grunnen må dei fjerne om lag ein halv meter med jord som inneheld mykje humus, og erstatte det med stein. Det blir som når vi må grave oss ned for å unngå 
telehiv.



Elles kan du klikke på menypunktet «Bethel school i Himo» like under biletet på opningssida til bloggen. Der er det fleire faktaopplysningar, m.a. bilete av alle lærarane og dei andre tilsette.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar