I 2016 er det ca 500 born på skulen og ca 200 av dei
bur i barneheimen. Etter fullføring av ny, stor sovesal for gutar i 2016, har
barneheimen framleis ledig kapasitet. Skulen derimot er heilt sprengt. Alle
klasserom/klassetrinn er fulle. Dette gjer at ein ikkje kan ta opp fleire
elevar. Dessutan manglar skulen matsal for dei små, bibliotek og laboratorium.
Dette vert påpeikt av tilsynet.
Elevane presterer i landstoppen til avsluttande
eksamen og dei lærer seg gode arbeidsvaner. Rykte om dette spreier seg og
stadig fleire foreldre ønskjer å flytte borna til Bethel. Dei vert svært skuffa
når dei får avslag. Neema har fortalt om tårar. Ho bruker halve dagen dei
første vekene i januar til å snakke med foreldre som har stilt seg opp i kø
utanfor kontoret hennar.
Oppstilling på skulen ein tidleg morgon. Song,
oppmykingsøvingar og ikkje minst formaningar om regelverk og anna. (An early morning. Singing, exercise and rules about what is alowed and how to behave)