Alan er
bror til Neema. Han bur saman med familien - kone, mor og son - på eit
gardsbruk ved foten av Kilimanjaro. Barneheimen og skulen ligg på rundt 1400 m
o.h., Alan bur ca 200 m høgre opp. (Kilimanjaro ragar 5895 m o.h. Porten der
folk startar å gå ligg på snaue 1800 m. Også i denne høgda vert det dyrka
bananar).
Alan er
først og fremst ein hardarbeidande og dugande snikkar. Saman med resten av
familien driv han i tillegg landbruk, der dyrking av bananar, frukt som mango
med meir og kaffi er hovudprodukta. Garden har og ein gris og ei ku. Tomta ligg
i eit bratt, vestlandsliknande terreng som skrånar jamt heilt til toppen av
fjellet.
I denne
keramikkskåla brenn Alan kaffibønnene, ½ kg av gongen. Metall duger ikkje, då
blir dei lett brende