Tidlegare
år har eg komme på besøk i slutten av januar. Denne gongen var opphaldet i
perioden 8. – 18. januar. Skulen og barnehagen starta opp måndag 11. og det
meste i dette innlegget handlar om inntrykk frå denne dagen.
Dei aller
fleste borna gledde seg til å begynne, i barnehagen (nursery school – mellom fire
og seks år gamle) eller i skulen (opp til 7. klasse), men det som sit
sterkast i minnet er reaksjonane til nokre av dei nye borna i barnehagen, dei
som sakna mamma. Alle nye i barnehagen hadde følgje av foreldre for
innskriving. Biletet syner foreldre i kø for å komme inn til rektor Neema og
hennar hjelparar.