Born som
er frå fire til seks år går i Nursery School. Dei får tidleg innføring i
bokstavar og tal og lærer å skrive og rekne. Dei sit for det meste ved eller på
pultar i klasserom slik som eldre elevar gjer. Leik er det svært lite av. I
februar 2015 hadde eg det privilegium å vere til stades i ein time der alle dei
60 borna i Upper Nursery, dvs dei som fylte seks år same år, fekk den fyrste
boka si. Det var ei heilag stund. Samstundes var det lærerikt og
tankevekkjande.