English summary at the end
Siste
helga under opphaldet i januar/februar var det brødbaking. Det vart ei lærerik
og utbyterik oppleving. Vi var tre som bakte – Siah, Linda og meg. Neema bidrog
og.
Vi sette
oss som mål at alle dei 157 borna og dei vel 20 vaksne skulle få ein solid
smakebit. Dvs vi bakte for 180 personar. Det vart 60 brød, eller loff er vel
rettare – det vart berre nytta finmalt kveitemjøl, dei får ikkje kjøpt anna.
Brøda var ikkje store, men alle fekk ganske rikeleg. Vi møtte meir utfordringar
enn det eg gjer heime – eg har bygt ein vedfyrt omn i hagen av same storleik.
Det var mange ungar som følgde nøye med i store delar av bakeprosessen.