Godbless
eig og leiger fleire areal for dyrking av mais, bøner, eit kornslag og peaneter.
Dei et mykje mais og det dei haustar dekkjer om lag 2/3 av årsbehovet. Han
seier at dei har åtte acres. Rekna om blir dette 32 norske mål, dvs ein middels
norsk gard. (Men storleiken på gardane har vel auka ein del dei siste ti-åra
reknar eg med)
I mars månad var det tid for planting – regntida var i gang. Rundt 115 personar tok del i plantinga, dei ca elevane i 5. - 7.klasse og 15 vaksne som arbeider på skulen og i heimen - eg veit ikkje kor mange dagar dei brukte. På biletet ser vi 20 gutar med kvar si hakke klare til innsats.