Berre
nokre dagar før eg kom no i januar hadde dei fått kjøpt ein brukt, litt større
buss nokså billegg, i tillegg til dei to små dei hadde frå før. Dette var ein
stor ting både for store og små. Borna i heimen hadde teke initiativ til markering
med takkseiing (takksigelse på bokmål).
Det var
no mogleg å frakte alle 157 born og 10 vaksne (m.a. seks lærarar) mellom heimen
og skulen, i ein samla operasjon. Men med til saman 60 sete og 167 personar
vart det heller trongt. På biletet kan vi sjå at det sit 6 born på to sete. Dei
som sit øvst smilar meir enn dei som har ein på fanget.