Det har blitt besøk på skulen kvar gong eg har vore hjå
Neema og Godbless, etter 2009. Ein del ting er nokså enkelt å fange opp, andre
ting krev meir tid, t.d. korleis livet er i klasserommet.
Organiseringa av skuledagen er slik:
Før skulen tek til er det ½ t. der elevane er
oppstilte ute. Dei står under dei store trea som har greiner med mykje blad
slik at dei gjev skugge. Denne stunda syng dei og beveger seg til rytmane og
dei får høyre formaningstalar om at dei må arbeide hardt og at dei må følgje
skulen sitt regelverk.
Regelverket er i 14 punkt og presiserer alt som ikkje
er lov - stele, sloss, ha med skarpe
gjenstandar, ha med pengar, ha med mat – dei får maten dei treng på skulen -,
ha med mobiltelefonar osb. Dei skal vere presise, respektere lærarane, halde
klasseromma reine osb. Dei pliktar å ha på skulen si uniform og på skulen skal
dei berre snakke engelsk (dei har engelsk som undervisningsspråk ved denne
skulen).
Alle høyrer etter i samlingsstunda om morgonen og det
er ikkje småprating. På signal marsjerer dei på rekke inn i klasseromma medan
dei syng ein song, av full hals, sjå bilete.